Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

Elevar arbeider i åkeren

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Vi undervising i økologisk landbruk. Etter fullført Vg3 Landbruk hjå oss blir du agronom i økologisk landbruk. Gardsbruket ved skulen er det viktigaste klasserommet vårt, og heile garden er økologisk driven.

Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk

Faga dette året

  • Produksjon og tenesteyting
    Dette faget inneheld dei tradisjonelle landbruksemna; jordkultur, plantekultur, husdyr og teknikk. Undervisinga i jord- og plantekultur i Vg2 og Vg3 vert sett i samanheng. Enkelte emne vert avslutta på Vg2, medan andre går over to år.
  • Forvaltning og drift
    I dette faget er hovuddelane:
    • Naturbruk; kartlegging og forvaltning av ulike naturtypar. Viktige emne her er hogst i skogen, prøvefiske og forvaltning av fiskevatn m.m.
    • Bedriftsetablering; omsetning og økonomi
    • Innhausting og lagring av frukt og grønt
    • Jordarbeidsprosjekt
  • Yrkesfagleg fordjuping
    YF-fordjuping har ni timar per veke i snitt gjennom året. For å gje elevane mulegheiter til å velje ulike tema er yrkesfagleg fordjuping på SJH delt i to, slik at kvar elev vel eitt grønt og eitt blått tema og følgjer sine fordjupingsval. Grøne og blå dagar vil verte spreidd utover timeplanen litt etter sesong. Dessutan vil det bli sett av kring to veker til utplassering/praksis i ei bedrift/på eit gardsbruk. Praksisvekene finn du på skuleruta. For alle faga er det vekt på praksis, med noko teori og oppgåveløysing. Les meir om yrkesfagleg fordjuping.

Du kan lese meir om fag- og timefordeling på vilbli.no.

Eksamenar i Vg2

1. Felles programfag: Alle Vg2-elevane går opp til ein tverrfagleg praktisk eksamen i felles programfag mot slutten av skuleåret. Under eksamen vert det innslag frå begge dei felles programfaga Produksjon og tenesteyting og Forvaltning og drift. Eksamen vert lagt opp med to førebuingsdagar, slik at i praksis går eksamen over tre dagar.

2. Fellesfag (norsk, samfunnsfag): Vg2-elevane som har fellesfag kan verte trekt ut til eksamen på vårparten. For samfunnsfag gjeld kun munnleg eksamen, for norsk kan ein verte trekt ut i munnleg eller skriftleg eksamen.

Vg3 Landbruk, økologisk

Vi legg vi stor vekt på å få til eit heilskapleg opplegg, med best mogeleg samanheng mellom teori og praksis gjennom dei to skuleåra. Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp (søknad må sendast for kvart år), der undervisinga på Vg3 startar med eit sommarkurs på omtrent tre veker. Dette foregår i siste halvdel av juni og første halvdel av juli, med litt variasjonar frå år til år når det gjeld datoar.

Deretter får elevane omtrent fem vekers ferie fram til «ordinær» skulestart som er rundt 20. august (pluss/minus).

Les meir om sommarkurset.

Faga dette året

  • Plante- og husdyrproduksjon
    Ein vidarefører her Produksjon og tenesteyting frå Vg2. Emna dreier seg om både praktisk og teoretisk kunnskap om jord, planter, husdyr, mjølkeforedling i praksis, husdyrbygningar, maskiner og utstyr. Ein går djupare inn i enkelte emne, og det vert fokus på å vere i stand til å vurdere ulike driftsformer og resultat.Dette faget har du 12 timar i veka.
  • Gardsdrift
    Det vert ei delvis vidareføring av emne i Forvaltning og drift Vg2. Ein lærer å forvalte ein økologisk gard som ei bedrift med dei rammevilkår landbruket har i Norge i dag, og å sjå garden som ein del av ein heilskap i samfunnet. Til dette faget ligg størstedelen av ei tverrfagleg driftsplanleggingsoppgåve som går gjennom heile skuleåret. Elevane tek utgangspunkt i ein reell gard og lagar driftsplan for garden med dei produksjonane dei har mest interesse av. Dette faget har du 6 timar i veka.
  • Utmark og kulturlandskap
    Også her vidarefører ein nokre emne frå Forvaltning og drift Vg2. Hovudvekt her er praktisk og forvaltningsmessig skjøtsel av skog, utmark, kulturlandskap, kulturminne og bygningar. Elevane har siste åra fått god trening i bruk av verktøy ved å setje opp tradisjonsbygg i grind (grindbygg). Øvingane i grindbygg går utover seinvinteren.Dette faget har du 5 timar i veka.
  • Valfrie programfag
    På VG3 er det to valfrie programfag. På SJH er det lagt opp til at alle elevar følgjer faget økologisk landbruk (sjå nasjonal læreplan) og naturbasert næringsutvikling (sjå nasjonal læreplan). Eleven får der gode moglegheiter for å fordjupe seg innan sine interessefelt under rettleia arbeid med individuelle oppgåver. I naturbasert næringsutvikling gir vi moglegheiter for å fordjupe seg innan emna Garden som ressurs (m.a. Inn på Tunet og naturbasert reiseliv) eller mathandverk og foredling. I faget er det òg ein del fellestimar for alle – om kartlegging av ressursar og potensial, marknad og økonomi og drift av ei verksemd.
    Desse faga vil du ha 5 timar kvar i veka.

I tillegg vil du ha 2 timar kroppsøving i veka.

Eksamenar i Vg3

1. Felles programfag: Alle Vg3-elevane går opp til ein praktisk eksamen mot slutten av skuleåret, der kompetansemål frå alle dei tre felles programfaga Plante- og husdyrproduksjon, Gardsdrift og Utmark og kulturlandskap er representert. Hovudemna for elevgruppene vert trekt to dagar før sjølve eksamensdagen, der elevane ofte får i oppdrag å førebu eit arbeid som dei legg fram eller held fram med på sjølve eksamensdagen. Opplegget krev at elevane i praksis må setja av tre dagar til eksamen. Desse dagane skal alle vera til stades på skulen uavhengig om ein er samlingselev eller ikkje.

2. Valfrie programfag: Alle Vg3-elevane vert trekt ut til ein praktisk eksamen mot slutten av skuleåret i eitt av dei to valfrie programfaga. Eksamen går også her i praksis over tre dagar inklusive førebuingsdagar i grupper. Sjå under Felles programfag.

Samlings- og nettbasert undervisning

Kan du ikkje bruke to fulle år på SJH? Enkelte år tilbyr vi Vg3 samlings- og nettbasert for dei som ikkje har høve til å bruke to fulle år på SJH. Les meir om samling- og nettbasert undervisning.