Hopp til hovedinnhold

Livet på skulen

OtilieBrubækStokseth_aurlandshøst21-12.jpg

Fritidstilbod på skulen

Verkstadar for tre-, ull-, skinn- og metallarbeid
Musikkrom
Ridebane og skulehestar
Robåtar
Elevhage til å dyrke eigne grønsaker
Skulen si hytte i Rasmusdalen – i fjellet mellom Aurland og Hallingdal

Fritidstilbod i bygda

Rett i nærleiken av skulen ligg eit kommunalt idretts- og samfunnshus. Der finn du gymnastikksal, eit nyoppussa symjebasseng og varmtvannsbasseng og ein fleirbrukshall (Aurlandshallen). Her er det styrkerom og ein kan velje mellom organiserte tilbod med volleyball- og handballtrening, herre-/dametrim, step, boksing, miniatyrskyting og klatring. I same område er det eit moderne utandørs idrettsanlegg som er ope for alle.

Aurlandshallen
Aurland Idrettslag
Aurland Røde Kors

I Aurland er det mange lag og kulturelle aktivitetar der elevane er velkomne til å delta, slik som songkor, korps, husflidslag, musikk- og kulturskule, gamaldanskveldar, Røde kors m.m. Elles fins det kino, bibliotek og bakeri med mykje økologisk og lokal mat:

Fjella og fjorden innbyr til turgåing, jakt og fiske: