Hopp til hovedinnhold

Gardsbutikken

Grønsaker i gardsbutikken

I gardsbutikken vår finn du noko for ein kvar smak og anledning. Vi har ope heile året.

Opningstider

Måndag–fredag 10.00–16.30 og laurdag 10.00-14.00 

Kontakt oss

Du kan ta kontakt med oss på e-post gardsbutikken.sjh@vlfk.no eller telefon 415 30 741.

Vi tilbyr

Gardsbutikken ligg på tunet til landets einaste heiløkologiske landbruksskule. Idyllisk plassert mellom fjord, fjell og fjøs. NB: På grunn av utviding og ombygging er vi fram til ca august 2024 har vi mellombels butikklokale på Odden 2 (på Aurlandsvangen). 

Gjennom sesongen tilbyr vi grønsaker, frukt og bær produsert ved SJH. Vi foredlar varer som til dømes honning, eplesaft og meieriprodukt i eige ysteri. Alt økologisk, sjølvsagt.

Vi sel dessutan mykje frå andre lokale bedrifter, som is, kjøt, sjokolade, hudpleie og ullprodukt. Ein rekkje av produkta finst i lausvekt; slik kan vi redusere på både pris og plastemballasje. Utanom sesongen importerer vi frukt og grønt, slik at vi alltid har eit stort økologisk utval.

Vi har også eit stort utval av innkjøpte grøne planter, potte- og snittblomar. Hos oss får dei økologisk stell og vi strekker oss etter å skaffe norskproduserte planter. Gjennom sommar og haust tilbyr vi eigenproduserte, økologiske snittblomar rett frå åkeren.

I vekstsesongen har vi eit rikt utval av tre, buskar, økologiske sommarblomar, urter og grønsaksplanter dyrka i gartneriet. Vi sel også alt anna du treng til kjøkkenhagen. Vi utfører alt innan binderi til bryllaup, dåp, gravferd og andre merkedagar. Du kan tinga samanplantingar, bukettar og oppsatsar som vi lagar etter ditt eige ynskje. Vi leverer i heile Aurland kommune etter avtale. Ta kontakt for ein hyggeleg prat!

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram