Hopp til hovedinnhold

Internatet

Bilete av internatet

Undervisingsbygget ligg rett ved sida av internatet som har 30 hyblar.

Hyblane er fordelt over to etasjar. Alle romma har vaskeservant, og det er felles bad i kvar etasje. 

Varm middag (kl. 11.30 på skuledagar) er inkludert i husleiga for alle som bur på internatet. På det viset kan vi halda dei totale bukostnadane nede. Dei som bur utanfor skulen kan abonnera på middag i matsalen om dei vil, eller kjøpe enkeltmåltid. Ein kan velja vegetarkost om ein ynskjer det. Meir enn 90 % av maten på internatet er laga av økologiske råvarer, og matserveringa har Debios serveringsmerke i gull. Utanom middag på skuledagar, lagar elevane måltida sjølve.

Ein syter sjølv for reinhald på eigen hybel og for klesvask. Skulen har vaskemaskiner og tørketrommel. På internatet er alle former for rus og tobakksbruk forbode.

Prisar pr 01.08.2023

Prisen for å bu på internatet (inkl. økologisk middag på skuledagar) er 4200 kr/mnd.

Prisen for å abonnera på økologisk middag på skuledagar er 1600 kr/mnd; eller 1200 kr/mnd ved binding av avtale for aug-des og/el jan-mai/juni.

Prisen for enkeltmiddag er 120 kr, og 100 kr/mnd for kaffi/te i matpausen (for dei som ikkje bur på internatet/har middagsavtale).