Hopp til hovedinnhold

Gardsbarnehage

Spiren_gardsbarnehage.jpg

Spiren gardsbarnehage er ein liten triveleg barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

 Spiren barnehage vart starta i 1989 av studentar og foreldre ved den økologiske jordbruksskulen. Vi held til i det 100 år gamle våningshuset på tunet. I 1996 vart huset restaurert, slik at barnehagen no har ljose og trivelege lokale, der miljøvenleg materiell og måling er nytta. I 2016 fekk barnehagen universell tilkomst.

Rundt huset har vi store grønareal med plen, busker og ein gamal eplehage. Eit inngjerda område er barnehagen sitt kjerneområde. Her har vi i tillegg til sandkasse, huske o.l. ein hage der borna får så og plante, stelle og hauste. Saman med vaksne nyttar ungane heile uteområdet til jordbruksskulen. Når det skjer noko ute på garden er borna ofte med, anten det er å sjå på hestane som pløyer om våren eller å plukke poteter om hausten. Kvar veke er vi i fjøset for å vere saman med kyr, geit og sau. Særs moro er det på våren når killingar og lam er gode å halda i fanget.

Spiren er ein privat barnehage med økonomisk stønad frå Aurland kommune. Vi føljer den offentlege barnehagelova. I vedtektene våre står det: “vi søkjer å gje borna ei økologisk røynsle, så dei kan få respekt og kjennskap til samanhengane i naturen.” Vi skal vere ein del av heilskapen ved jordbruksskulen.

Spiren har 24 plassar, med dertil personale. Alder frå 0 til skulestart. Foreldrebetalinga er lik som dei kommunale barnehagane. Det er også aktuelt med noko dugnadsarbeid i Spiren gardsbarnehage. Søknadsskjema finn du på Aurland kommune sin heimeside.

Eventuelle spørsmål kan rettast til tlf. 989 02 623 / spiren.barnehage@gmail.com