Hopp til hovedinnhold

Velkomen til skulen vår

Skulegarden med bygningar

Kontakt oss

Ønskjer du å ta kontakt med oss kan du gjere det på e-post sjh@vlfk.no eller ringe oss på 57 63 71 00.

Kvar finn du oss

Adressa til skulen er Skulevegen 24, 5745 Aurland

Skulen vår på kartet

Korleis kjem du deg til skulen vår

Med buss:

Med tog:

  • Frå Bergen eller Oslo til Myrdal, og med Flåmsbana ned til Flåm eller
  • Frå Bergen eller Oslo til Voss, og med buss til Aurland

For detaljar sjå www.vy.no og www.entur.no

Med båt

Frå Bergen med Norled om sommaren.

Garden

Skulen vår ligg på den gamle prestegarden Aurdal i Aurland kommune. Her har det budd og arbeidd folk i uminnelege tider. I gravhaugane på garden finst det spor av folk attende til folkevandringstida (om lag 400 e.Kr.). Garden opplevde 300 års glanstid før svartedauden, og deretter 300 tunge år før han vart prestegard i 1650.

Skulen vart oppretta i 1917, og her kan du finne mykje stoff om 100-årsjubileet i 2017: SJH 100 år

Tidleg på 1980-talet byrja skulen å leggja om til økologisk drift. Skulegardsbruket disponerer i dag 250 dekar fulldyrka jord og 100 dekar innmarksbeite. I tillegg er skulen med i eit sameige av om lag 30 000 dekar utmark i fjellet. Som den einaste landbruksskulen i landet har SJH heile arealet godkjent som økologisk (av kontrollorganisasjonen Debio). På skulegardsbruket vert det dyrka både matvekstar og fôrvekstar. Knapt 100 dekar av det fulldyrka arealet er varig grasmark, som berre vert fornya når det er trong for det.

Skulegardsbruket er det sentrale «klasserommet» på SJH. Mykje av undervisinga er lagt opp som praktisk arbeid. Dette for å gi eit godt og realistisk grunnlag for dei som skal driva ein økologisk gard. Elevane har faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sauer og hestar. Om våren er det rundar med lammingsvakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom ordinær skuletid, men vert medrekna i undervisingstimetalet.

Garden har mjølkegeiter, sauer (NKS), mjølkekyr og ungdyr (mest NRF og nokre vestlandsk fjordfe). Kalvinga føregår om hausten, og kalven får gå med mor si i 3–4 dagar som eit minimum. Mjølkekyrne og geitene held til i fjøset som vart bygd i 2000. Dei har tilgang til luftegardar i vintersesongen. Frå seinsommaren får kyrne fjellferie eit par månader. Geitene vert mjølka på tre stølar (les meir under stølsdrift) før dei får haustferie i utmarka. Sauene har sin eigen uisolerte fjøs med uteområde. Dei er på fjellbeite frå juni til september. Elevane har ein del av praksisen sin i fjøsa. Dei tek del i fjøsstell morgon og kveld, og i helgane.

Skulen har to hestar på utegang som nyttast i undervising om gardsdrift med hest. Elevane kan etter avtale ri eller køyre hestane på fritida. Skulen har òg ti bikubar. Biene gjer ein viktig jobb med pollinering under blomstringa. Elevane får ei generell teoretisk innføring i bihald, og noko praksis. Den populære honningen vert servert i matsalen og seld i gardsbutikken.

Grønnsaker

Skulegarden ved SJH har i alle år hatt grønsaksproduksjon levert til den lokale og regionale marknaden som sentral del av undervisinga. Sidan 1988 har produksjonen vore Debio-godkjend. Skulen har eigen gardsbutikk, og internatkjøkenet er nærast sjølvberga på grønsakene garden produserer. Det er eit mål å dyrke etter profesjonell standard med oppdatert teknologi og metodar. Dyrking etter marknadshage-prinsipp er eit satsingsområde for hagebruksavdelinga på SJH. Dette går ut på effektiv og tilpassa lett-mekanisering for allsidig produksjon på eit areal på ca. 10–15 daa.

Som elev på SJH tar ein aktivt del i produksjonen gjennom erfaringslæring knytt opp mot teori. Elevar er med på planlegging og gjennomføring gjennom heile vekstsesongen. Arealplanlegging, frøbestilling, tillaging av jordblandingar, planteoppal, jordarbeiding, såing, utplanting, radreinsking, innhausting, lagring og foredling er døme på kva du som elev vil jobbe med og lære om. Eit eige yrkesfagleg fordjupingsfag i hagebruk gjer det mogleg for elevar å spesialisere seg på dette fagfeltet.

Produksjonar:

blomkål, brokkoli, raudkål, grønkål
hovudkål, kålrot, salat, urter
raudbeter, gul kepaløk, raud kepaløk, purre
potet, graskar, rotselleri, stangselleri

Langsiktige målsettingar:

utvikla ei driftsform basert på lett-mekanisering med moderne utstyr og reiskapar
utvikla eit dyrkingssystem som er økologisk berekraftig, som forbetrar jordstruktur, humusinnhald og jordas fruktbarheit
utvikla ei økologisk og økonomisk berekraftig driftsform
væra eit utstillingsvindauge og kurssenter for yrkesutøvarar

Frukt og bær

Me har omlag 0,5 daa kvar av bringebær (3 sortar) og solbær (2 sortar). I tillegg har me nokre få plantar av meir uvanleg slag, som litt druer og bjørnebær. Me har eit godt samarbeid med forskarmiljøet på Njøs i Leikanger, og er i det samarbeidet feltvert for utprøving av nye bærsortar til den norske frukt-/bærdyrkaren.

Me har og nokre litt eldre fruktfelt på skulegarden, i hovudsak eple, men og plommer. To av desse felta er i ein prosess med fornying/sanering, mellom anna plommefeltet. Det er her det meste av undervisinga med skjering og forming av trea går føre.

I tillegg har me eit omlag 20 daa stort eplefelt (etablert 2004) nede ved fjorden. 2. sorteringa, ca. 50 % av avlinga, går til økologisk eplejuiceproduksjon ved Balholm AS i Balestrand. 1. sorteringa går til Sognefrukt/Bama, gardsbutikken og bestillingar. Feltet vart til som ein del av nysatsinga på økologisk fruktproduksjon i Sogn og Fjordane, og mange aktørar var med på finansieringa. Det er ope for besøk, og her kan ulike forskarmiljø køyre forsøk med mellom anna skadedyrtiltak i øko-dyrking. Det er også tolv sortar pære i feltet. Elevane vert godt kjende med drifta, og tek del i innhausting og skjering.

Ellers held me på med planteproduksjon/oppal i veksthuset vårt om våren, til dømes ved å lage nye frukttre (poding) og med stiklingsformeiring av bær.

Vi driv økologisk veksthusproduksjon i to veksthus: eitt klimaregulert veksthus med tre avdelingar (810 m2) og eitt plasthus (600 m2) med jordgolv.

Vi har ein allsidig økologisk produksjon av mat-, nytte- og prydplanter. I 2013 blei det installert jordvarmeanlegg som leverer varme til begge veksthusa, samt arbeidsrom, kontor og gardsbutikk. Gartneriet er ein viktig arena for elevane våre og brukarar i arbeidstrening. Gartneriet rettar seg både mot undervisninga og kommersiell drift.

Sidan år 2000 har vi hatt eige ysteri med produksjon, elevundervisning og kursverksemd. I 2020 vart ysteriet bygd ut og rusta opp etter alle kunstens reglar.

I samband med skuleeigar Vestland fylkeskommune sin omfattande rehabilitering av skulen fekk både mjølkerom, garderobe og ysteri ei oppgradering.

Dåverande Aurland Sparebank gjekk inn med finansieringsstøtte til ysteriet, noko som var kjærkome.

No står det nye bygget der med solceller på taket, romslegare lokale, eigen brunostkjele fyrt med ved, gode lagringsforhold og nytt ystekar for ein noko større og automatisert produksjon.

Ysteriet er tilpassa ulike energikjelder, små og enkle løysingar som passar både på ein støl og i rimelege lokale for foredling av eiga mjølk.

Produksjon og undervisning

Svært mange av dei som driv småskala ysteri i Norge har vore kursa ved SJH. Pensum er det same; rå mjølk rett frå fjøset er den hemmelege oppskrifta på trygg og god ost.

Vi har økologisk sertifiserte kyr og geiter.

Aktivitetane i ysteriet skjer i den tida på året då fjøset leverer mjølk, frå september til mai/juni.

Ysteriet har jamleg produksjon av ulike produkt til gardsbutikken ved sida av å verte nytta både som undervisningsarena for elevane på skulen og som kurslokale for bønder som skal starte med, eller driv med, småskala mjølkeforedling.

Kurstilboda våre kan du lese om i kurskalenderen. Frå hausten 2022 vil ysteriet også verte nytta som undervisningslokale for det nye fagskulestudiet i handverksysting.

Tradisjonsostar og anna godt

Særleg har tradisjonsostane og gamalosten sine røter i Aurland. Ystemiljøet ved SJH er veldig glad i gamalosten og surmjølksostane, og håpar dette skal inspirere andre til å satse på tradisjonsost framfor å berre laga ost etter søreuropeisk tradisjon.

Gamalosten frå SJH fekk ein pangstart med gullmedalje på Landsutstillinga for gardsost i oktober 2009. Kvitosten til SJH er ein blandingsost av ku og geit.

Dei ulike ostane som lagast på ystekursa vert lagt ut for sal i gardsbutikken. I ysteriet er det i tillegg produksjon av gamalost, rømme, kvitost, yoghurt, ferskost, salatost og blåmuggost.

Med yoghurt som unntak vert alt produsert av upasteurisert mjølk* frå skulen sine kyr og geiter. Økologisk, sjølvsagt.

*Yoghurten vert også produsert av eiga gardsmjølk, men her pasteuriserast mjølka som ein del av prosessen.

Sidan 1992 har elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) vore på Sinjarheim i Aurlandsdalen. I løpet av eit par veker om sommaren lærer dei om gamal stølsdrift.

Elevar og lærar har med seg geiter til Sinjarheim. Kvar elevgruppe får øve seg nokre dagar med handmjølking og førefallande tiltak i kulturlandskapet. Mjølka vert ysta til brun og kvit ost. I tillegg til å vera ei positiv oppleving for elevane, er dette også interessant for dei mange fotturistane som ferdast i dalen.

Film: Stølsdrift på Sinjarheim