Om studiet
Mjølkeforedling i praksis og teori er det sentrale innhaldet. Studiet er inndelt i følgjande emne:
- Mjølkeforedling og grunnleggjande produksjon
- Kvalitetsarbeid i mjølkeforedling
- Marknadskunnskap
- Bedriftsøkonomi
- Hovudprosjekt - Utdanninga blir avslutta med eit hovudprosjekt. Der tek studenten utgangspunkt i ei problemstilling hen har særleg interesse for, innanfor emne det er undervist i.
Gjennom studiet blir det veksling mellom forelesingar, arbeidsoppgåver individuelt og i grupper, utferder til mjølkeforedlingsverksemder, presentasjonar og rettleiing.
Faget er eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.
Meir informasjon om faget finn du på nettsida til Fagskulen Vestland.
Samlingar
Det blir i alt ni samlingar gjennom dei to studieåra, der kvar samling er på fire til fem dagar à ni timar. I tillegg kjem eksamen våren 2024.
Plan for samlingane (planen kan bli endra):
- Haustsemester 2022: To samlingar på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland
- Vårsemester 2023: Tre samlingar på Trøndelag høyere yrkesfagskole avd. Trondheim (THYF)
- Haustsemester 2023: Ei samling på SJH og ei samling på THYF
- Vårsemester 2024: Ei samling på SJH, ei samling på THYF og til slutt eksamen på SJH
Kostnadar for studentane
Det er inga studieavgift, men ei semesteravgift på 550 kr per semester. Bøker og anna studiemateriell som ikkje er fritt tilgjengeleg eller som kan lånast. Reise til og frå studiestaden og opphaldsutgifter på samlingane.
Ysteriet ved skulen
Ysteriet vårt er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale.
Kva er fagskule?
Fagskule er ei yrkesfagleg høgare utdanning. Dei som søkjer på dette studietilbodet, må ha fullført vidaregåande skule innanfor restaurant- og matfag eller naturbruk, eller ha relevant yrkeserfaring. Det er ikkje krav om generell studiekompetanse. Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.
På nettsida til Fagskulen Vestland finn du meir informasjon om utdanning ved fagskulen.
Korleis søke
Du søkjer på Samordna opptak, og søknadsfristen er 15. april.
Meir informasjon om korleis du søkjer finn du på nettsida til Fagskulen Vestland.