Hopp til hovedinnhold

Ressurssenteret

Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule tek seg av kurs, besøk og prosjekt utanom ordinær undervising.

Kurs

Ressurssenteret arrangerer kortare og lengre kurs for bønder, småskalaprodusentar og andre interesserte. Mjølkeforedling, birøkt, kompostering, fruktdyrking og andelslandbruk har vore tema dei siste åra. Mange av kursa er arrangert i samarbeid med Kompetansenavet Vest.

Oversikt over kommande kurs og aktivitetar.

Besøk

Vi ynskjer alle velkomen til skulen vår! Her kan de få omvising på skulegardsbruket, skreddarsydde føredrag og eit innblikk i økologisk landbruk, gjerne med ein smak av garden sine produkt. Ta kontakt med oss om de ynskjer å koma på besøk. Pris etter avtale. Landbruksskular får tilbod om ein time gratis omvising. Det er høve til å kjøpe varm lunsj på skulen, der det vert servert økologisk mat av råvarer frå skulegardsbruket.

Prisar på overnatting og måltid for gjester:

  • Overnatting kr 500,- (pr natt) 
  • Sengkle og handkle (pr seng) kr 100,-
  • Måltid: Middag kr 180,- 

Prosjekt

Ressurssenteret organiserer ulike prosjekt som i hovudsak er knytt til økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling, og i den forbindelse samarbeider vi med ulike bedrifter og organisasjonar. Arbeidet består av utviklingsprosjekt innan skulen sine satsingsområde og andre oppdrag.

Noverande prosjekt:

Andre oppdrag 

Andre oppdrag ved ressurssenteret er: