Hopp til hovedinnhold

Inn på tunet

Inn på tunet (IPT) vert definert som tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstilbod på gardsbruk. Tilbodet har som mål å gje meistring, utvikling og trivnad.

Tilbodet byggjer på eit samarbeid med oppvekst-, utdannings-, helse- og sosialsektoren med aktivitetar knytt til garden og landbruket.

Om tilbodet

Vi tilbyr tilrettelagt arbeid for menneske som har nedsett funksjonsevne og arbeidstrening for vaksne innan helse og psykiatri.

IPT har som mål å betre fysisk og psykisk helse gjennom variert praktisk arbeid og aktivitetar på skulegardsbruket. Det er fokus på meistring, utvikling og trivsel i eit sosialt fellesskap. Tilboda er tilrettelagt den enkelte brukar og kvalitetssikra. Ein følgjer årstida på garden og arbeidar i ulike delar av gardsdrifta: Hagebruk, gartneri, fjøs, eldhus/kjøken, kompostplass, verkstad, utmark m. m.

Det er naturleg å følgje årsrytma på skulegarden når det gjeld aktivitetar og arbeid. Mykje av arbeidet i IPT er ordinære arbeidsoppgåver, og det er ofte der brukarane og arbeidsleiarane i IPT arbeider side om side med dei tilsette på skulen.

IPT har eige hus på garden, det gamle «Kommunehuset». Dette nyttast til møtestad og for å gjere ulike aktivitetar innandørs som matlaging, kunst, handtverk og undervisning.