Hopp til hovedinnhold

Sommarkurset

På sommarkurset får de delta i praktiske øvingar og markvandringar, og får på den måten følgje utvikling og nødvendig stell i dei ulike kulturvekstane i denne viktige delen av veksttida.

Dei praktiske øvingane får de først og fremst i grønsaker og potet og ein del i veksthuset. De har vore igjennom praktiske øvingar i dei andre kulturane på Vg2, og får følgja desse i utviklinga ved å delta på markvandringar gjennom sommarkurset.

På ein lengre skuletur får de innblikk i økologiske gardsbruk i andre landsdelar. Kvar elevgruppe får òg oppleve nokre dagar med stølsdrift – det vil seie mjølking av geiter og ysting på gamlemåten på Sinjarheim i Aurlandsdalen.