Hopp til hovedinnhold

Konditor, einhjulssyklist og no agronom

Konotod

Danske Katrine Jensen hadde ikkje sett føre seg at det var jordbruk ho skulle driva med, men med ein bakgrunn som konditor – og einhjulssyklist – utvikla ho etter kvart interesse for produksjon av utgangspunktet for matlaginga. Nemleg råvarene. Derfor starta ho på Sogn Jord- og Hagebruksskule. No arbeidar ho fulltid i marknadshagen på Bøtun gard

Eg gjekk ut frå SJH i fjor, 2023, så det er snart tre år sida eg byrja. Grunnen til at eg starta er nok litt annleis enn dei fleste andre som byrjar på SJH. Eg hadde slått hovudet og fått ei hjerneristing. Det var ikkje så mykje eg kunne gjera, men så blei eg kjent med Mathilde og Martin som var i startfasen av å etablera marknadshage. Eg budde hjå dei og fekk jobba mellom ein og to timar om dagen sommaren før eg starta på SJH. Det var alt eg kunne få til med hjerneristinga. Dei fortalde meg om skulen, og eg syntest det var litt interessant og tenkte: okei, eg kan ta del i så mykje undervisning som eg kan klara. Eg var i tvil om det var det eg verkeleg ville. Men så blei eg meir og meir interessert og følte at eg var på den rette plassen.

Kva gjorde du før SJH?

Eg har vakse opp på landet i ein familie som ikkje driv stort, men er sjølvforsynte. Blant anna har dei høns. Eg var ikkje spesielt interessert i det som barn, men det var ein naturleg del av det me gjorde saman. I tiårsalderen byrja eg å sykle på einhjulssykkel. Det har fylt mykje av livet mitt, eg har konkurrert og vorte verdsmeistar i det. Det heldt eg på med inntil eg kom til Noreg. Då blei det litt mindre av det, for miljøet er mindre her. Eg reiste til Sogndal og gjekk to år på Sogndal Folkehøgskule før eg fekk hjerneristinga.

Kvifor økologisk, og kvifor SJH?

Eg er i løpet av åra blitt meir og meir oppteken av problema me står overfor med miljø. Ofte når ein pratar om miljøproblem, er det snakk om det me ikkje må gjere – i staden for løysingar. Jordbruk er i den grad ein av løysingane, i alle fall på den måten me gjer det. Sjølv om det er ein masse ting me ikkje kan gjere, er det også mange ting me kan gjere.

Korleis var dei to åra for deg, rent fagleg?

Eg lærte veldig mykje. For meg passa det bra at ein i vg2 lærer mange ulike ting. Undervegs tenkte eg innimellom at det ikkje gjev meining at ein skal læra det heile – å gå på jakt eller å hogga skog. Men vg3 samlar det på ein måte, så ein ser at det er ein samanheng i landbruket. Eg forstod heilskapen betre.

Yndlingsfag?

Yndlingsfaget var grønsaker, heilt klart. Eg er veldig glad i dyr og saknar det litt, men det er grønsaker som er mi interesse.  

Korleis var det sosiale i Aurland og på skulen?

For meg var det veldig bra. I byrjinga kunne eg ikkje vera så sosial på grunn av hjerneristinga, men det at eg hadde den gjengen rundt meg, som eg etter kvart blei veldig godt kjend med, var viktig. Og det å vera i eit miljø der ein kan vera hundre prosent seg sjølv. Ein tenkjer til dømes ikkje på kva ein går kledd i, og det syntest eg var veldig fint. Folk var meir unike og meir seg sjølv enn ein ser i København eller Sogndal, der eg budde før. 

SJH-elevar i ein quinoa-åker i Lærdal.jpeg

Når siste år på skulen var over, reiste Katrine tilbake til marknadshagen der ho fyrst fekk høyre om SJH; Bøtun gard. Der arbeidar ho no fulltid, både med grønsakene og med sjokoladeproduksjon.

Kva er Bøtun gard?

Utgangspunktet er ein marknadshage på tre mål. Så det er veldig lite, men de har sal til lokalegjennom ein abonnementordning og til hotell i nærområdet. Hotellene er hovudsalskanalen for grønsakene, og gjennom dei har me fått bruk for min kompetanse på kjøkenet. Eg lager bryllaupskaker til folk som giftar seg på hotellene, og me dyrkar økologiske snittblomar til buketter. På den måten har vi ein heilskapspakke til folk på sommartid. I fjor starta me ein kafé som hadde ope to dagar i uka. Det var ein stor suksess, så nå aukar me til fire dagar i uka. Me har tilsett folk som berre skal jobba på kjøkenet med det.

I tillegg skal det vera arbeid for både meg og Mathilde (bonde på Bøtun) om vinteren. Da passer det fint at me har ein del erfaring med å laga sjokolade. Me har kjøpt ein sjokolademaskin og lager fylte sjokoladar som me sel i esker. Så om vinteren har me produksjon av ting som er litt luksus og som held lenger. Me prøvar å få brukt opp restane frå hagen så me kan få ein større forteneste frå grønsakene.

I arbeid på Bøtun.jpeg
Korleis er det mogleg ha så stor og mangfaldig produksjon på så liten plass?

Det krev ganske mykje planlegging og optimisme. Men det er mogleg å produsera meir enn ein ser føre seg på lite areal. Sjølv om me er komen langt no, er det mange stader me kan få meir ut av jorda.

Får du tid til å sykle, da?

Ja! På fritida.

Kva er det viktigaste du har teke med deg frå skuledagane?

Det å vera søkande etter nye løysingar. Sjølv om me har lært ein del ting på jordbruksskulen, er det ikkje nødvendigvis riktig om eit halvt år. Jordbruket er både veldig gammalt og alltid nytt. Me finn løysingar heile tida og snakkar med andre som driv med det same og som utviklar nye ting.

Eg anbefaler alle å gå på jordbruksskulen. Gjer det. Eg trudde ikkje eg kom til å sakna det så mykje, der eg budde mellom fjella, men no, når eg ein gong imellom køyrar gjennom Aurland, tenkjer eg: det var ein god tid. Og eg saknar det.