Hopp til hovedinnhold

Gardsguten frå Vesterålen

Sverre Hjelle, elev på SJH 2020-2022

Sverre Hjelle kjem frå ein konvensjonell gard i Vesterålen med femti mjølkekyr og hundre vinterfôra sauer. No jobbar han i forsøksfjøsen på NMBU (Norsk Miljø- og Biovitenskapelig Universitet). Gjennom både utdanninga på SJH og praksis har han fått eit nyansert syn på økologisk og konvensjonelt landbruk og kva dei to driftsmåtane har å læra av kvarandre.

Kvifor byrja du på SJH?

Eg har eigentleg gjennom heile livet vore veldig interessert i gardsdrift, og eg har vore spesielt oppteken av husdyr. Eg hadde mine egne sauer og kyr i oppveksten, og var med i drifta på garden, då det er ei familieverksemd.

Eg gjekk VG1 på ein konvensjonell landbruksskule der eg kjem frå, men så hadde eg lyst til å komma meg ut. Sidan eg hadde vore ein såpass aktiv del av drifta heime, var dette med konvensjonell drift ganske klart for meg. Eg hadde lært mykje om det. Men så hadde eg ein kompis som hadde blitt ferdig på SJH den våren, og han fortalde litt om opplegget der. Eg har alltid vore tradisjonsinteressert og drive med tradisjonshandverk – spinning, strikking, ullforedling og foredling av mat. Så da eg var seksten flytta eg ned til Aurland og byrja på VG2 der.

Korleis var åra på SJH for deg fagleg?

Det fyrste året me var der, var me mykje ute og lærte praktiske ting. Det hende det var ting eg hadde gjort før, så for min del var det andre og siste året høgdepunktet. Då skulle me laga ein fullverdig driftsplan for eit gardsbruk og setje opp drifta slik som me sjølv ynskte å ha han. Som bonde må ein ikkje berre vera god med dyr og maskiner, ein må også ha teft for det økonomiske, og alt ein gjer på gardsbruket må byggja på ei fagleg vurdering. Også i dag går eg tilbake og kikkar på oppgåva mi for å sjå kva eg la til grunn og kvifor. Det kan eg bruka i arbeidskvardagen eller når eg jobbar på gardsbruket heime.

Har utdanninga førebudd deg på det arbeidslivet du har møtt etterpå?

Ja! For meg, som kom med mykje praktisk erfaring, var det fint å få fylt igjen hola med den teorien som ligg bak. Også måten dei praktiske øvingane og teorien gjekk i lag, fungerte for meg.

Korleis var det sosiale på SJH?

Det er mykje artige folk som byrjar på SJH fordi det er eit så spesielt miljø – det er ikkje kven som helst som bryr seg om denne næringa. Det artigaste er at eg no har kjenningar over heile Norge. Uansett kor du kjem, så finn du ein eller annan link til ein som har gått på SJH. Og om folk i klassen er atten eller tretti, det var ikkje så viktig, berre dei var interessert. 

Kva er det viktigaste du har teke med deg frå tida i Aurland?

Det må nok vere det å vere open for nye ting, også det ein ikkje i utgangspunktet er einig i. Eg har fått med meg mykje der som eg elles ikkje hadde oppsøkt. På SJH var dei tinga ein del av pakken, og eg tok han. Det er eg kjempeglad for, for ein veit aldri kva som kan kome til nytte. 

Har du eit minne frå skulen som du vil dela ?

Ein gong i tredje klasse hadde me slakta og skulle halde ein stor fest. Me skulle vera i eit stort hus på Låvi, men så hadde me ikkje nok bord til alle, så me satt på golvet og åt ut av kvar vår grønsakskasse. Eg har framleis vondt i knea. Det er SJH i eit nøtteskal!