Hopp til hovedinnhold

Opptakskrav til Naturbruk Vg2 og Vg3

Vil du arbeide med natur, mat og berekraft? Hos oss får du praktisk opplæring i økologisk landbruk. Skulen er landslinje, og elevar frå heile landet kan søkje.

Vi tek opp elevar så lenge vi har ledig plass.

Opptakskrav til Naturbruk Vg2, landbruk og gartnarnæring,  økologisk

Kva må du ha?
For å bli teken inn må du ha:

  • fullført VG1 Naturbruk (etter Kunnskapsløftet), eller
  • fullført grunnkurs i Naturbruk (frå Reform 94), eller
  • tilsvarande kompetanse

Søkjarar med VG1 Naturbruk har førsterett. Dersom det framleis er ledige plassar, kan søkjarar frå andre programområde bli vurderte dersom dei kan dokumentere tilfredsstillande landbrukspraksis.

Opptakskrav til Naturbruk Vg3, landbruk,  økologisk

For å bli teken inn på Naturbruk Vg3 Landbruk, økologisk, må du ha:

  • fullført Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk,
  • eller tilsvarande fagbakgrunn

Søkjarar med Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk har førsterett. Deretter kan søkjarar med Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring (ordinær eller annan spesialisering) bli vurderte.

Opptak for vaksne søkjarar (dersom ledige plassar)

Dersom det framleis er ledige plassar, kan vaksne søkjarar bli vurderte dersom dei kan dokumentere:

  • minst 6 veker samanhengande praksis med husdyrstell
  • minst 6 veker samanhengande praksis i planteproduksjon
  • erfaring med traktorkøyring
  • erfaring med motorsag (felling og kvisting under tilsyn)

Ta kontakt med skulen dersom praksisbakgrunnen din avvik frå kulepunkta over, for så kan me gjere ei individuell vurdering.

Vitnemål og kompetansebevis

  • Elevar med Vg1 Naturbruk får vitnemål etter fullført Vg3 Landbruk, økologisk
  • Elevar utan Vg1 Naturbruk får kompetansebevis etter fullført Vg3 Landbruk, økologisk
  • Har du landbruksbakgrunn frå før, kan du ta Vg1 Naturbruk som privatist for å få vitnemål og tryggare inntak.
  • Skulen arbeider med å få på plass eit alternativ til å ta Vg1 som privatist, men dette alternativet er ikkje oppe å gå per dags dato. Det vil kunne gjelde for deg som er fylt 19 år men som ikkje har Vg1 naturbruk (ev. Vg2) frå før. Føresetnader for å bli realkompetansevurdert kan du lese meir om her  

Høyrest dette ut som ei utdanning for deg?

Du er hjarteleg velkomen på besøk. Vi tilbyr omvising, og dersom du ønskjer det kan vi leggje til rette for overnatting på skulen slik at du får oppleve kvardagen her i Aurland.

Vi svarar gjerne på spørsmål, enten på e-post eller telefon innanfor kontortida.

Søknadsfrist for oppstart hausten 2026: Vi tek opp elevar så lenge vi har ledig plass.
Søk opptak ved skulen her

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne!

Måndag–fredag: 08.00–15.30, Laurdag–søndag: stengt
SJH logo