Hopp til hovedinnhold

Har du ikkje Vg1 naturbruk? Du kan likevel bli vurdert til opptak dersom du kan dokumentere relevant praksis.

Kva meiner vi med tilsvarande kompetanse?

Du må ha praktisk erfaring frå landbruk som viser at du har grunnleggjande ferdigheiter innan både husdyr og planteproduksjon. Praksisen treng ikkje vere frå økologisk drift.

Krav til praksis

Krav til praksis for å koma inn på Vg2 hjå oss er de følgjande fire punkt:

Husdyrstell

Du må ha:
•    minst 3 veker samanhengande praksis, eller
•    4 veker praksis samla dersom praksisen i husdyrstell er delt opp
•    Praksisen skal vere med ku, geit, sau, gris eller hest.

Planteproduksjon

Du må ha:
•    minst 3 veker samanhengande praksis, eller
•    4 veker praksis samla dersom praksisen i planteproduksjon er delt opp
•    Praksisen kan vere på gard, gartneri eller i parkanlegg.

Maskiner

Du må ha:
•    kjennskap til korleis ein traktor fungerer, og ha prøvd enkel køyring under tilsyn
•    kjennskap til korleis ei motorsag fungerer, og ha prøvd enkel bruk under tilsyn

Dokumentasjon

Du må leggje fram attest som dokumenterer praksisen, eller oppgje ein referanse som kan stadfeste dette. Praksisen kan gjennomførast fram til skulestart. Dersom du er usikker på om praksisen din oppfyller krava, kan du kontakte oss. Me vurderer gjerne praksis og kan òg sende forslag til aktuelle adresser for praksisplass.

Fellesfag på VG2

I tillegg til programfaga får du undervising i:
•    norsk
•    samfunnsfag
•    kroppsøving
Har du fellesfag frå før, kan du søkje om godkjenning av tidlegare beståtte fag. Søknaden må sendast via Inschool tidlegast frå 1.august (eller seinare om skulen ikkje har fått lagt deg inn i systemet enno)

Høyrest dette ut som ei utdanning for deg?

Du er hjarteleg velkomen på besøk. Vi tilbyr omvising, og dersom du ønskjer det kan vi leggje til rette for overnatting på skulen slik at du får oppleve kvardagen her i Aurland.

Vi svarar gjerne på spørsmål, enten på e-post eller telefon innanfor kontortida.

Søknadsfrist for oppstart hausten 2026: Vi tek opp elevar så lenge vi har ledig plass.
Søk opptak ved skulen her

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne!

Måndag–fredag: 08.00–15.30, Laurdag–søndag: stengt
SJH logo