Velkomen til praktisk bakekurs i Lærdal 11.–12. juni 2026. På kurset lærer du å bake næringsrike brød av urkorn, bruke surdeig og gjærdeig, og lage smakfulle potetkaker på ein enkel og effektiv måte. Kurset passar særleg godt for deg som driv serveringsstad, lokalmatutsal eller treng fersk bakst til smakebord og gjester.
Vil du lære å bake smakfulle, økologiske og næringsrike brød av urkorn? På dette kurset får du praktisk innføring i både surdeig, gjærdeig og tradisjonelle potetkaker.
Kurset er spesielt tilrettelagt for deg som har serveringsstad, lokalmatutsal eller treng fersk bakst til smakebord, gjester eller småskala servering. Du lærer teknikkar som gjer det enklare å førebu deigar på førehand, mellom anna ved hjelp av kaldheving. Slik kan du steike fersk bakst raskt når kundane eller gjestene kjem.
Vi lagar også potetlomper/potetkaker på ein enkel og smakfull måte. Tradisjonsbakst krev lite utstyr og kan gjennomførast effektivt sjølv på eit lite areal. Ferske potetkaker til gjesten gir ofte ein ekstra wow-effekt.
Tid og stad
Tid: Torsdag 11. juni kl. 11.00 til fredag 12. juni kl. 16.00
Stad: Sognasmak, Lærdal – i utsalet til Sognasmak, Håbakken ved Felleskjøpet
Pris
Kursavgift: kr 1 400,-
Prisen inkluderer lunsj begge dagar og varer med heim.
Ved to deltakarar frå same bedrift: kr 2 200,- for to personar
Du betalar ved påmelding.
Påmelding
Klikk her for å lese meir om kurset.
Meld deg på kurset her