Dette er eit utdanningstilbod som elevar i vidaregåande opplæring kan søkje. Du kan søkje, uansett kvar i landet du bur.
Økologisk landbruk ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Drøymer du om å gjera ein forskjell for natur, miljø, dyr og menneske? Vil du å ta del i eit læringsmiljø som både er praksisnært og framtidsretta i eit levande landskap mellom fjell og fjord? Då kan Sogn Jord- og Hagebruksskule vere staden for deg.
Bli elev ved Noregs einaste regenerative og økologiske naturbruksskule
På Sogn Jord- og Hagebruksskule får du ei utdanning der teori og praksis heng tett saman. Garden og naturen er klasserommet, og du lærer gjennom arbeid med jord, plantar og dyr. Utdanninga passar for deg som vil arbeide praktisk, og som er interessert i berekraftig matproduksjon og bruk av naturressursar.



Kva er ei landslinje?
Dette er eit nasjonalt tilbod i vidaregåande opplæring. Du kan søkje plass uansett kvar i landet du bur, og elevar frå heile Noreg kjem hit for å ta denne utdanninga. Det gir eit variert og engasjert elevmiljø.
Slik lærer du
Undervisninga følgjer året i landbruket og er i stor grad praksisbasert.
Du vil:
- arbeide med jord, plantar og dyr
- delta i dagleg drift av garden
- vere med på såing, stell og innhausting
- få ansvar gjennom faste oppgåver
Timeplanen blir tilpassa sesongane og arbeidet som skal gjerast.
Utdanningstilbod ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
Naturbruk, Vg2, Landbruk og gartnernæring, økologisk
Sjå fagleg innhaldSjå nasjonal læreplan for programfaga på Vg2
Naturbruk, Vg3, Landbruk, økologisk
Sjå fagleg innhaldSjå nasjonal læreplan for programfaga på Vg3Enkelte år tilbyr vi Vg3 samlings- og nettbasert for dei som ikkje har høve til å bruke to fulle år på SJH.
Les meir om nettbasert undervisning
FAQ Ofte stilte spørsmål om Sogn Jord- og Hagebruksskule






Vidare moglegheiter
Etter fullført VG3 blir du agronom i økologisk landbruk.
Du kan arbeide innan:
- landbruk og matproduksjon
- husdyrhald og planteproduksjon
- matforedling
- eiga verksemd
- naturbasert reiseliv
Livet på skulen
Som elev vert du del av eit varmt og inkluderande miljø, med moglegheit til å bu på internat og delta i eit variert fritidstilbod – frå ridebane, musikkrom og elevhage til idrettsanlegg, kulturliv og naturopplevingar rett utanfor døra.
Praktisk informasjon
Landslinje
Tilbodet er ope for elevar frå heile landet. Alle søkjarar har same rett til plass, uavhengig av kvar dei bur.
Tilbod ved skulen
Opptak
For å søkje må du ha fullført VG1 naturbruk eller ha tilsvarande kompetanse.
👉 Les meir om opptakskrava
Skuleåret
- Vg2 følgjer ordinært skuleår
- Vg3 startar med sommarkurs i juni, før skulestart i august
Fleksibelt tilbod
Enkelte år tilbyr vi Vg3 som samlings- og nettbasert undervisning.
Bustad og skulemiljø
Skulen har internat for elevar som kjem langvegsfrå. Du blir del av eit lite og inkluderande miljø med tett oppfølging.
Søknad:
Vi tek opp elevar så lenge det er ledige plassar.
Søknader etter fristen blir handsama via elektronisk søknadsskjema.
Spørsmål:
Høyrest dette ut som ei utdanning for deg?
Du er hjarteleg velkomen på besøk. Vi tilbyr omvising, og dersom du ønskjer det kan vi leggje til rette for overnatting på skulen slik at du får oppleve kvardagen her i Aurland.
Vi svarar gjerne på spørsmål, enten på e-post eller telefon innanfor kontortida.
Søknadsfrist for oppstart hausten 2026: Vi tek opp elevar så lenge vi har ledig plass.
Søk opptak ved skulen her
Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne!
Måndag–fredag: 08.00–15.30, Laurdag–søndag: stengt
