Hopp til hovedinnhold

Landslinje i Naturbruk Vg3, Landbruk, økologisk

Fordjuping i økologisk landbruk – frå drift til fagleg forståing. På VG3 byggjer du vidare på det du lærte på VG2. Du går djupare inn i fagområda og arbeider meir sjølvstendig med planlegging, drift og vurdering av landbruk. Undervisninga er tett knytt til praksis, og du får arbeide med reelle problemstillingar frå næringa.

Sommarkurs – ein viktig del av Vg3

Skuleåret startar med eit sommarkurs på om lag tre veker:
•    oppstart rundt 20. juni 2026
•    praktisk arbeid med stølsdrift, dyrestell og foredling
•    undervisning ute i felt
Etter sommarkurset får du ferie fram til skulestart i august (rundt 20. august).

Les meir om sommarkurset her.

Opptakskrav

For å bli teken inn må du ha:

  • fullført VG2 naturbruk – landbruk og gartnarnæring, økologisk, eller
  • tilsvarande fagbakgrunn

Søkarar med VG2 naturbruk (økologisk) har førsterett.
Deretter blir søkarar med VG2 naturbruk (andre retningar) vurderte.

Les meir om opptakskrava

Kva lærer du?

På VG3 går du djupare inn i økologisk landbruk og arbeider meir sjølvstendig med både produksjon og drift. Du lærer å planleggje, gjennomføre og vurdere arbeidet, og får ei breiare forståing av korleis ein gard blir driven som ei heilskapleg verksemd.

Fagoversikt for Naturbruk VG3 ved Sogn Jord- og Hagebruksskule med plante- og husdyrproduksjon, gardsdrift og utmark.

Plante- og husdyrproduksjon

Du vidarefører arbeidet frå VG2 og får meir ansvar og fordjuping i faget.
Dette inneber at du:

  • arbeider vidare med jord, plantekultur og husdyrhald
  • lærer om mjølkeforedling og praktisk foredling av råvarer
  • får erfaring med husdyrbygg og driftsløysingar
  • brukar maskiner og teknisk utstyr i arbeidet
  • deltek i planlegging og gjennomføring av produksjon

Du får forståing for korleis ulike driftsformer påverkar resultat, kvalitet og berekraft.

Gardsdrift

Du lærer korleis ein planlegg og driv ein økologisk gard som ei verksemd.
Dette inneber at du:

  • arbeider med økonomi og drift av gard
  • lærer om rammevilkår i norsk landbruk
  • utviklar ein eigen driftsplan gjennom skuleåret
  • tek utgangspunkt i ein konkret gard og planlegg produksjon
  • vurderer ressursar, mål og moglegheiter

Du får innsikt i korleis faglege val påverkar både drift og økonomi.

Utmark og kulturlandskap

Du arbeider med forvaltning, bruk og skjøtsel av natur og landskap.
Dette inneber at du:

  • arbeider med skog, utmark og kulturlandskap
  • lærer om forvaltning av naturressursar
  • tek vare på kulturminne og bygningar
  • får opplæring i tradisjonelt handverk, til dømes grindbygg
  • deltek i praktiske oppgåver ute

Du lærer korleis ein kan bruke naturen på ein berekraftig måte over tid.

Programfag

Du får fordjupe deg i økologisk landbruk og utvikling av eigne idéar innan næring.
På VG3 vel du to programfag. 

Dette inneber at du:

  • arbeider med økologiske driftsformer og berekraftig ressursbruk
  • utviklar eigne idéar innan naturbasert næring
  • får erfaring med til dømes:
    • garden som ressurs (Inn på tunet, naturbasert reiseliv)
    • matproduksjon, mathandverk og foredling
    • lærer om kartlegging av ressursar, marknad og økonomi
    • får innsikt i drift av ei verksemd

Du får arbeide både praktisk og teoretisk, og utvikle forståing for korleis ein kan skape verdiar med utgangspunkt i landbruket sine ressursar.

Samlings- og nettbasert undervisning

Kan du ikkje bruke to fulle år på SJH? Enkelte år tilbyr vi Vg3 samlings- og nettbasert for dei som ikkje har høve til å bruke to fulle år på SJH. 
Les meir om samling- og nettbasert undervisning.

 

Høyrest dette ut som ei utdanning for deg?

Du er hjarteleg velkomen til å kome på besøk. Vi tilbyr omvising, og om du ønskjer det, kan vi leggje til rette for overnatting på skulen, slik at du får oppleve kvardagen her i Aurland.

Vi svarar gjerne på spørsmål, enten på e-post eller telefon innanfor kontortida.

Søknadsfrist for oppstart hausten 2026: Vi tek opp elevar så lenge vi har ledig plass.
Søk opptak ved skulen her

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne!

Måndag–fredag: 08.00–15.30, Laurdag–søndag: stengt
SJH logo