Naturbruk Vg3 , Landbruk, økologisk
Vi legg vi stor vekt på å få til eit heilskapleg opplegg, med best mogeleg samanheng mellom teori og praksis gjennom dei to skuleåra. Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp (søknad må sendast for kvart år), der undervisinga på Vg3 startar med eit sommarkurs på omtrent tre veker. Dette foregår i siste halvdel av juni og første halvdel av juli, med litt variasjonar frå år til år når det gjeld datoar.
Deretter får elevane omtrent fem vekers ferie fram til «ordinær» skulestart som er rundt 20. august (pluss/minus).
Sommarkurs på SJH – læring i praksis, midt i Aurland
Elevar mjølkar geiter på stølen i Aurlandsdalen.
Fotograf: Fridtjof Waldemar Hugleikur Wolter
Elev lærer tradisjonell ysting på stølen.
Fotograf: Fridtjof Waldemar Hugleikur Wolter
Lærar underviser elevar ute på sommarkurset.
Fotograf: Fridtjof Waldemar Hugleikur Wolter
Bruk piltastene til å bla i bildene
Søk om opptak til skuleåret 2026/2027
Sommarkurset startar rundt 20. juni 2026.
Vi tek opp elevar så lenge vi har ledige plassar. Søknader som kjem etter fristen, blir handsama gjennom det elektroniske søknadsskjemaet.
Har du spørsmål? Klikk her for å finne kontaktinformasjonen vår.
Opptakskrav
For å bli teken inn på Naturbruk Vg3 Landbruk, økologisk, må du ha:
- Fullført Naturbruk Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk, eller
- Tilsvarande fagbakgrunn
Søkjarar med Naturbruk Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk har førsterett.
Deretter tek vi inn søkjarar med Naturbruk Vg2 Landbruk og gartnarnæring (ordinær eller annan spesialisering).
Les meir om opptakskrava her
Dette lærer du i naturbruk dette skoleåret
Plante- og husdyrproduksjon – fordjuping i jord, planter og dyr
Dette faget vidarefører Produksjon og tenesteyting frå Vg2.
Her lærer du meir om praktisk og teoretisk plante- og husdyrfag, inkludert:
- jordlære og plantekultur
- stell og hald av ulike husdyr
- mjølkeforedling i praksis
- husdyrbygningar
- landbruksmaskiner og teknisk utstyr
Du går djupare inn i fagområdet, og lærer å vurdere ulike driftsformer og resultat. Faget har 12 timar i veka.
Gardsdrift – drift av økologisk gard og driftsplanlegging
Dette faget byggjer vidare på Forvaltning og drift frå Vg2 og gir deg innsikt i korleis ein økologisk gard fungerer som ei verksemd. Du lærer å:
- forvalte ein gard innanfor dagens rammevilkår for norsk landbruk
- sjå garden som del av eit større samfunns- og ressursbilete
- gjennomføre ei tverrfagleg driftsplanleggingsoppgåve gjennom heile skuleåret
I driftsplanen tek du utgangspunkt i ein reell gard og lagar ein plan for dei produksjonane du er mest interessert i. Faget har 6 timar i veka.
Utmark og kulturlandskap – skjøtsel, naturforvaltning og tradisjonsbygg
Dette faget vidarefører tema frå Forvaltning og drift på Vg2.
Hovudvekta ligg på praktisk skjøtsel og forvaltning av:
- skog
- utmark
- kulturlandskap
- kulturminne og bygningar
Elevane får også opplæring i tradisjonelt handverk, som grindbygg, med praktiske øvingar utover seinvinteren. Faget har 5 timar i veka.
Valfrie programfag – økologisk landbruk og naturbasert næringsutvikling
På VG3 vel du to programfag. På SJH følgjer alle elevane:
1. Økologisk landbruk
Her får du fordjupe deg i økologiske driftsformer og berekraftig ressursbruk i tråd med den nasjonale læreplanen.
2. Naturbasert næringsutvikling
I dette faget får du arbeide med eigne interesseområde, til dømes:
- Garden som ressurs (Inn på Tunet, naturbasert reiseliv)
- Matproduksjon, mathandverk og foredling
Faget inneheld også fellestimar om kartlegging av ressursar, marknad, økonomi og drift av ei verksemd. Begge faga har 5 timar i veka.
Samlings- og nettbasert undervisning
Kan du ikkje bruke to fulle år på SJH? Enkelte år tilbyr vi Vg3 samlings- og nettbasert for dei som ikkje har høve til å bruke to fulle år på SJH. Les meir om samling- og nettbasert undervisning.