Hopp til hovedinnhold

Landslinje

Fjellandskap i Sogn med bratte fjellsider og open himmel – naturen rundt Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Dette er eit utdanningstilbod som elevar i vidaregåande opplæring kan søkje. Du kan søkje, uansett kvar i landet du bur.

Studietilbod - Landslinje Økologisk Agronomutdanning

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein landslinjeskule for økologisk landbruk. Det betyr at elevar frå heile landet – i ulike aldrar og med ulik bakgrunn – kan søkje plass hos oss. Etter fullført Vg3 Landbruk ved SJH blir du agronom i økologisk landbruk.

Heile skulegarden er økologisk driven, og garden er vårt viktigaste klasserom. Her får du praktisk og teoretisk opplæring tett knytt til verkeleg gardsdrift gjennom heile året.

Alle læreplanmål er tilpassa økologisk landbruk.

SJH tilbyr ikkje Vg1 Naturbruk. Dette må elevane anten ta på ein annan skule fyrst eller dei må ha tilsvarande kompetanse. Vi ynskjer at du tek direkte kontakt med skulen for vurdering av din kompetanse og kva du eventuelt treng i tillegg. Les meir om opptakskrav her.

Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Ofte er det også utanlandske elevar ved skulen.Oversikt over timefordeling i Vg2 og Vg3 ved agronomutdanninga, med felles programfag, yrkesfagleg fordjuping og fellesfag vist i farga felt med tal timar per fagområde.

Den sentrale opplæringsarenaen er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Mykje av undervisinga er difor lagt opp som praktisk arbeid på garden. Øvingane er lagt opp slik at elevane får praktisk erfaring med gardsdrift gjennom heile året og slik at skulegardsdrifta skal gå i hop. Til dømes har elevane faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sau og hestar. Om våren er det rundar med lammevakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom vanleg skuletid, men obligatoriske fjøsveker er med i timeteljinga slik at elevane får fleire fridagar enn den ordinære skuleruta i fylket.

Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp (søknad må sendast for kvart år), der undervisinga på Vg3 startar opp med eit sommarkurs på omtrent tre veker. Dette foregår i siste halvdel av juni og første halvdel av juli, med litt variasjonar frå år til år når det gjeld datoar. Deretter får elevane omtrent fem vekers ferie fram til «ordinær» skulestart som er rundt 20. august (pluss/minus). Detaljert oversikt over feriar, eksamensdatoar osb. finn du her i skuleruta.

Praksisbasert undervising utgjer om lag 50 % av undervisinga i Vg2, og 25 % i Vg3.
For at undervisinga skal kunne fylgja dei naturlege variasjonane gjennom året har me ikkje ein fast timeplan for heile året. Timeplanen vert laga for nokre veker i gongen, og er sesongavhengig.

Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer meir informasjon om agronomutdanning i økologisk landbruk.