Hopp til hovedinnhold

Inspirasjonssamling for bønder 4. mars

Geitebonde saman med geiter på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland

Ynskjer du å kjøpe gard, ta over familiegarden eller utvikle ny aktivitet i drifta di? Velkomen til inspirasjonssamling på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

📍 Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland
🕔 Tid: 4. mars kl. 17.00–20.00

Samlinga er for deg som vurderer å kjøpe gard, ta over ein gard eller ønskjer å utvikle noko nytt i landbruksdrifta di.

Tema for kvelden:

  • Børre Solberg – Korleis bli ein god matprodusent
  • Magnhild Aspevik – Formelle krav ved eigarskifte
  • Aud Slettehaug – Vidareforedling av råvarer
  • Pause med mat og prat
  • Nils Einar Kjøsnes – TINE si satsing på geitehald
  • Sigurd Vikesland – Kvardagen som geitebonde
  • Sigurd Vikesland – Faglaga som støttespelar til bonden
  • Aud Slettehaug – Tilskotsordningar

Kva kan kommunen bidra med? Landbruk, næring og Bondens ABC

Det vert servert mat frå kjøkkenet på jordbruksskulen.

Velkomen til ein triveleg kveld med fagleg påfyll og sosialt samvær!

Av omsyn til servering treng vi påmelding og informasjon om eventuelle allergiar.

📧 Påmelding innan torsdag 26. februar
Til: beate.stolen@laerdal.kommune.no

🤝 Arrangør

Arrangementet er eit samarbeid mellom
Felles landbrukskontor ÅLA og Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH).