Hopp til hovedinnhold

Storsatsing på gardsbutikken

Bygdefolk, elevar, tilsette og trufaste kundar i regionen møtte opp den 20. november for å feira at gardsbutikken no er tilbake på skulen sitt område i eit flott nyoppussa lokale. Det gode oppmøtet vitna om at butikken har vore sakna. Allereie før dørene opna, var det kø ved inngangen.

Nyopning av gardsbutikken - offisiell opning

Varaordførar Johannes Dalsbotten heldt tale og tok seg av snorklippinga som vart gjort med tau og øks. Elevar og tilsette sørga for at dei som møtte fekk fløytespel, smaksprøver, kaker, eplesaft og kaffi.

- Det har vore stinn brakke. Eg dreiv faktisk og fylte på varer no, for det byrja å bli tomt i hyllene her og der, seier Thunshelle, salsansvarleg i gardsbutikken på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Nyopning av gardsbutikken 20.11.2024 - mange kundar

Dei siste vekene har den mellombelse butikken vore stengd for å gjera klart til opning. Det vart akkurat i tide til julehandelen.

– Det var mykje som skulle klaffa. Me har fått høyra at folk tykkjer det er  kjedeleg at me har hatt stengd så lenge. Me håpar me har klart å marknadsføra oss så godt at dei finn vegen attende hit, seier Thunshelle.

Nyopning av gardsbutikken 20.11.2024 - kaker, kaffi m.m. til alle

Stort vareutval

Det som vert produsert og foredla på skulegarden er no på plass i gardsbutikken. Det skal og vera plass til andre lokale produkt og småskala økoprodukt frå regionen. No vil dei blant anna satsa meir på ost enn før.

– Det får utvikla seg litt etter kvart, men eg tenkjer at dette er ei god byrjing. Me har hatt ost heile tida, men no tek me inn fleire leverandørar. Når det er lågsesong og lite tilgang frå leverandørar som er nærast oss, sonderer me terrenget. Men det vil alltid vera produkt innanfor småskalaysteri, understrekar Thunshelle.

Blomster er og på plass att.

– Før hadde me planter og blomster inne i gartneriet. No har me trekt det inn i butikken, så den eine delen har blitt ein slags blomsterbutikk. Men når sommarblomane kjem, får dei plass i gartneriet, forklarer Thunshelle.

– Me har også fått på plass ein blomsterdekoratør, fortel ho og seier seg nøgd med første opningsdag.

Fornøgde butikkmedarbeidarar som hadde nok å henga fingrane i under første opningsdag av den nye gardsbutikken

Læringsarena

– Grunnen til at me valte å ha opninga midt på dagen er litt med tanke på timeplanen til elevane. Det er viktig for oss at dei får vera med. Dei har vore med og arrangert og laga til både i forkant og under opninga, fortel Thunshelle.  

Den gongen butikken vart etablert, var det meint som ein elevbutikk i ei tid der det ikkje var råd å få tak i så mange økologiske varer.

– Butikken har allereie vore brukt ein del i undervising, men tanken er at den skal brukast meir. På den måten får elevane læra seg å driva butikk og forstå korleis dei kan selja produkt til butikk og så vidare. Så det er planen framover.

Ho har sjølv vore elev på skulen for mange år sidan. Etter fleire år som kokk i reiselivet i Flåm, tok ho til i stillinga som salsansvarleg i august.

– Det er kjekt å prøva noko nytt, smiler ho

Fylkeskommunen satsar

I litt over eit år har butikken hatt mellombels adresse i kjellaren under Mariannes bakeri & kafé på Aurlandsvangen. Samstundes har fylkeskommunen gjort store investeringar i lokalet der dei eigentleg held til oppe ved skulen. Ombygging av gardsbutikken er ei av dei nye investeringane som er gjort. I tillegg er det kome opp eit lagerbygg ute.

Opningstider og informasjon om gardsbutikken finn du her.