Sogn Jord- og Hagebruksskule søkjer ein strukturert og serviceinnstilt resepsjons- og administrasjonskonsulent i 100 % vikariat frå 10. juni til 31. desember 2026.
Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland har ledig vikariat som resepsjons- og administrasjonskonsulent. Stillinga omfattar varierte administrative oppgåver knytte til resepsjon, elevadministrasjon, arkiv, økonomi, løn, innkjøp og internatadministrasjon.
Vi ser etter deg som har relevant fagbrev eller tilsvarande kompetanse, erfaring frå økonomiske og administrative oppgåver, gode IKT-ferdigheiter og god skriftleg nynorsk. Du bør trivast med høgt arbeidstempo, vere strukturert, fleksibel og god til å møte menneske i ulike situasjonar.
Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. Skulen har eit allsidig økologisk skulegardsbruk, gartneri, gardsbutikk, internat, foredlingslokale og ressurssenter.
Sjå heile stillingsannonsenSøk stillinga herBli betre kjend med landslinja vår
Søknadsfrist: 25. mai 2026
Arbeidsstad: Aurland
Stillingstype: 100 % vikariat
Periode: 10. juni–31. desember 2026
Som resepsjons- og administrasjonskonsulent vil du få ei sentral rolle i den daglege drifta av skulen. Stillinga omfattar varierte administrative oppgåver og tett kontakt med elevar, tilsette og besøkande.



Arbeidsoppgåver i vikariatperioden 10.06.2026–31.12.2026 vil mellom anna vere:
- betening av resepsjon og sentralbord
- elevadministrasjon og oppfølging av administrative rutinar
- handtering av arkiv, post og dokumentflyt
- fakturering, rekneskap og økonomioppfølging
- lønsarbeid og administrative oppgåver knytte til personal
- innkjøp og bestilling av varer og utstyr
- administrasjon og koordinering knytt til internatet
- samarbeid med leiing og tilsette om daglege administrative oppgåver
- andre administrative oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer at du har:
- relevant fagbrev eller tilsvarande utdanning og kompetanse
- erfaring frå økonomiske og administrative arbeidsoppgåver
- gode ferdigheiter innan IKT, økonomiforvaltning og administrasjon
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk
- erfaring frå liknande stilling er ein fordel
- grunnleggjande ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er serviceinnstilt og møter menneske på ein positiv og profesjonell måte
- trivst med kontakt med elevar, tilsette og besøkande
- er løysingsorientert, sjølvstendig og handlekraftig
- har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- trivst med høgt arbeidstempo og har stor arbeidskapasitet
- arbeider systematisk, strukturert og nøyaktig
- er fleksibel og kan handtere varierte oppgåver i ein travel kvardag
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- moglegheit til å arbeide i eit unikt fagmiljø innan økologisk landbruk
- gode kollegaer og tett samarbeid på tvers av fagområde
- fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
- arbeidsplass i vakre omgjevnader i Aurland kommune
Sjå heile stillingsannonsenSøk stillinga her
