Hopp til hovedinnhold

Ombruksdag ved SJH – laurdag 25. april

Solsikke i blom som symboliserer berekraft, natur og gjenbruk under ombruksdag

Laurdag 25. april inviterer Folkeakademiet Aurland til ein inspirerande ombruksdag ved SJH med fokus på berekraft, gjenbruk og fellesskap. Gardsbutikken held ope denne dagen, så det er også mogleg å få med seg lokale produkt medan du er innom.

Dette blir ein sosial møteplass der du kan reparere, bytte og fornye – heilt gratis!

♻️ Dette skjer:

  • 🚲 Sykkelreparasjon
  • 👕 Klebyte
  • 🌱 Frø- og plantebyte
  • 🎃 Utlysing av graskarkonkurranse
  • 🍄 Stand med Sopp- og nyttevekstforeininga, Kvann og fleire
  • ☕ Sal av vaflar og drikke

🚲 Få sykkelen klar for våren

Har sykkelen din behov for litt omsorg etter vinteren? Ein reparatør er på plass og hjelper med enklare vedlikehald og vurdering. Tenesta er gratis, men eventuelle delar må du ta med sjølv eller kjøpe på staden.

👕 Klebyte – miljøvenleg og smart

Ta med inntil 7 reine plagg i god stand. For kvart plagg får du ein byttelapp som du kan bruke til å finne deg noko “nytt”.

Innlevering av kle:

  • Fredag kl. 19:00–20:00
  • Laurdag kl. 10:00–13:00

🌱 Frø- og plantebyte

Del planteglede med andre! Ta med stiklingar, småplantar eller frø, og byt til deg noko nytt.

Innlevering:

  • Laurdag kl. 10:00–13:00

Vi får også besøk av Benedicte frå Kvann, som viser korleis ein kan pode storhassel og koreafuru.


Ta med venner, naboar og godt humør – dette blir ein kjekk dag for både små og store 💚

📍 Stad: SJH, Aurland
🗓 Dato: Laurdag 25. april
🕚 Tid: 11:00–15:00