Drøymer du om å gjera ein forskjell for natur, miljø, dyr og menneske? Vil du å ta del i eit læringsmiljø som både er praksisnært og framtidsretta i eit levande landskap mellom fjell og fjord? Då kan Sogn Jord- og Hagebruksskule vere staden for deg.
Vi har fortsatt ledige elevplasser.
Ta kontakt hvis du vil begynne hos oss.
Bli elev ved Noregs einaste regenerative og økologiske naturbruksskule
Dette er utdanninga for deg som er nysgjerrig på naturen sine eigne prosessar, og som vil bruke kunnskapen din til å forme ei grønare framtid. Du ynskjer å skape noko som varar og brenn for ei framtid innan:
- berekraftig matproduksjon og landbruk
- eige småbruk og sjølvstendig næringsverksemd
- husdyr i samspel med økosystemet i landbruket
- matforedling med sans for kvalitet, handverk og tradisjon
Hos oss er garden og naturen sjølve klasserommet. Du får ei solid grunnutdanning, samstundes som du kan forme studieløpet etter eigne interesser gjennom fordjupingsfag og praktiske prosjekt. Her får du jord under neglene, nær kontakt med dyra, god teoretisk innsikt, og eit godt fagleg fellesskap.



Livet som elev
På Sogn Jord- og Hagebruksskule blir du ein del av eit trygt og inkluderande fellesskap, der både læring og kvardagsliv står i sentrum.
-
Mangfaldig elevmiljø
Elevar i ulike aldrar og med ulik bakgrunn skapar eit rikt og ope læringsmiljø. -
Internat med eige rom
Alle får tilbod om bustad på skulen, med tilgang til fellesareal og kjøkken. -
Læring i levande landskap
Skulen ligg midt i verdsarvnaturen i Aurland, omgitt av fjell, fjord og kulturlandskap. -
Aktivt sosialt liv
Elevane skapar fellesskap gjennom turar, bålkveldar, badstue og felles aktivitetar. -
Meir enn ei utdanning
Her får du erfaringar, relasjonar og minne som varer lenge etter skuletida.
Regenerativt økologisk landbruk i småskala
Sidan 1980 har skulen drive utan sprøytemiddel og heller satsa på kunnskap, erfaring og langsiktig forvalting av jord og dyr. Landbruket vårt skjer i tett samspel med naturen, med mål om å gi meir tilbake enn vi tek.
-
Regenerative prinsipp i praksis
Vi byggjer jordhelse, styrkjer biologisk mangfald og skapar robuste økosystem. -
Arbeid med naturen, ikkje mot ho
Vi unngår pløying og nyttar naturen sine eigne prosessar i dyrkinga. -
Husdyr som naturforvaltarar
Tradisjonell seterdrift gir dyra ei viktig rolle i forvalting av fjellandskapet. -
Småskala og heilskapleg drift
Du lærer alle delar av drifta – frå jord og plantar til husdyr og foredling. -
Mat av høgaste kvalitet
Resultatet er grønsaker, mjølk og ost med ein kvalitet du kan smake.
Denne tilnærminga gir ei djup forståing av småskala landbruk og eit solid grunnlag for framtidig gardsdrift.



Utdanninga – innhald og krav
Utdanninga tilsvarar Vg2 og Vg3, og føreset at du har eitt av følgjande grunnlag:
- fullført Vg1 Naturbruk (etter Kunnskapsløftet)
- fullført Grunnkurs Naturbruk (Reform 94)
- tilsvarande kompetanse gjennom praksis
Skuledagen startar som oftast kl. 08.15 og varer til kl. 14.50. Kvar vekedag samlast elevar og tilsette til eit felles måltid med varm lunsj i skulen si kantine – ein viktig del av kvardagen og fellesskapet.
Faga er delte inn i tre hovudområde:
Produksjon og tenesteyting
Desse faga gir deg grunnleggjande kunnskap om landbruket sine kjerneområde, mellom anna:
- jordkultur
- plantekultur
- husdyrhald
- teknikk
Forvalting og drift
Her lærer du å sjå heilskapen i naturbruk og gardsdrift. Faget omfattar mellom anna:
- naturbruk: kartlegging og forvalting av ulike naturtypar, som skogbruk, prøvefiske og forvalting av fiskevatn
- etablering av verksemd: økonomi, drift og omsetnad
- innhausting og lagring av frukt og grønt
- jordarbeidsprosjekt, som kompostering og jordforbetring
Gjennom ei veksling mellom teori og praksis får du kunnskap som er relevant, handfast og direkte knytt til livet på gard og i naturen.
Yrkesfaglig fordypning
Her er timene satt av til at du som elev kan fordype deg i to av følgende fag (tilbudet kan variere fra skoleår til skoleår). Du får både praktisk og teoretisk undervisning, og mulighet til å jobbe med eget prosjekt (fordypningsoppgave):
- hagebruk
- hest
- gartneri
- husdyr
- maskin
- foredling
Praksis
Hos oss får du høve til å utforske eigne interesser gjennom praksisopphald på fagleg relevante stader. Praksisen varer i to veker om våren i Vg2 og to veker om hausten i Vg3.
Du kan til dømes vere i praksis på eit landbruk du er spesielt inspirert av, eller på ein stad der du ønskjer å prøve ut og vidareutvikle kunnskapen din som agronom i tverrfaglege samanhengar. Moglegheitene er mange, og praksisopphaldet blir tilpassa dine faglege interesser og ambisjonar.
Skuleutflukter
Ved skulestart og i sommaren mellom Vg2 og Vg3 dreg vi på turar med overnatting på fjellet. Her arbeider vi mellom anna med prøvefiske og analysar av fiskebestandar i fjellvatn, og deltek i tradisjonell seterdrift. Heile klassen er med på å stelle geitene på fjellet, mjølke og lære å lage brunost frå botnen av.
I tillegg arrangerer vi fleire dagsturar til verksemder og landbruk, der du får nye perspektiv og fagleg påfyll utanfrå.
Økonomi
Sogn Jord- og Hagebruksskule er godkjend av Lånekassen, og elevar kan søkje om stipend.



Tidlegare elevar om SJH: – Eit nytt blikk på mat, natur og landbruk
"SJH endra heile måten eg ser på mat, natur og samfunn på. Det var som å få nye auge."
– Kia Vulgaris, bybonde i Bjørvika
Kia byrja på Naturbruk ved Sogn Jord- og Hagebruksskule etter fleire år med frivillig gardarbeid, aktivisme og matformidling. På SJH fann ho ein heilskap i økologisk og regenerativt landbruk som ho ikkje hadde møtt nokon annan stad. Kunnskapen frå skulen har i dag blitt grunnmuren i arbeidet hennar som bybonde på Losæter i Oslo.
"På skulen fekk eg eit heilt nytt blikk på både økologisk og konvensjonelt landbruk. Det har gjort meg tryggare i alt eg gjer i dag."
– Sverre Hjelle, tilsett i forsøksfjøset ved NMBU
Sverre Hjelle kjem frå ein konvensjonell gard i Vesterålen med mjølkekyr og vinterfôra sauer. Etter vidaregåande fann han vegen til Sogn Jord- og Hagebruksskule, der han oppdaga nye måtar å tenkje landbruk på – utan å miste røtene sine.
På SJH fekk han kombinera praktisk erfaring med fagleg fordjuping. Det andre året, då han laga sin eigen driftsplan, blei eit vendepunkt:
han såg korleis økonomi, agronomi og dyrevelferd heng saman, og korleis begge driftsformene – økologisk og konvensjonell – kan læra av kvarandre.
I dag jobbar Sverre i forsøksfjøset på NMBU, der kunnskapen frå SJH stadig kjem til nytte.
Han set spesielt pris på miljøet han møtte i Aurland:
"Du får venner over heile landet. På SJH betyr ikkje alder noko – berre interessa for faget. Det er ein unik fellesskap."
Kvifor vel dei SJH? Her er to av svara.





Høyrest dette ut som ei utdanning for deg?
Du er hjarteleg velkomen til å kome på besøk. Vi tilbyr omvising, og om du ønskjer det, kan vi leggje til rette for overnatting på skulen, slik at du får oppleve kvardagen her i Aurland.
Vi svarar gjerne på spørsmål, enten på e-post eller telefon innanfor kontortida.
Søknadsfrist for oppstart hausten 2026: 1. mars 2026
