Naturbruk – utdanning for framtida
På Sogn Jord- og Hagebruksskule får du ei unik naturbruksutdanning på Noregs einaste heiløkologiske vidaregåande skule. Vi tilbyr Naturbruk Vg2 Landbruk og gartnernæring (økologisk) og Naturbruk Vg3 Landbruk (økologisk). Etter fullført Vg3 Landbruk hjå oss blir du agronom i økologisk landbruk.
Om Sogn Jord- og Hagebruksskule
Bli kjent med Sogn Jord- og Hagebruksskule, våre utdanningstilbod, garden, ressurssenteret og dei mange aktivitetane og tilboda våre.Aktuelle saker
Velkommen til eit nytt skuleår
18. august starta eit nytt skuleår ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Elevar og tilsette samla seg rundt bålet for ein varm og sosial start på skuleåret, med velkomstord, helsing frå ordføraren og nokre ord frå rektor.

Tidlegare elev omtala i Nationen
Tim avslutta utdanninga ved Sogn jord- og hagebruksskule sommaren 2026. No er han omtala i ei reportasje i avisa Nationen, der lesarane får eit innblikk i livet på garden og vegen vidare etter skulen.

Innføringskurs i ysting 16.–20. november 2026
Vil du lære å foredle mjølk til eigne handverksprodukt? Frå 16. til 20. november 2026 arrangerer Sogn Jord- og hagebruksskule innføringskurs i ysting. Kurset gir grunnleggande kunnskap om mjølkeforedling, mikrobiologi, syrning og osteproduksjon, og passar både for nybyrjarar og deg som vurderer småskala produksjon.

