Hopp til hovedinnhold

Vi søkjer prosjektmedarbeidar til utvekslingsprosjekt i Noreg og Uganda

Gruppe personar ved eit jordbruksområde i eit fjellandskap

Har du agronomutdanning, pedagogisk utdanning eller relevant arbeidserfaring og/eller interesse for jordbruk, formidling og/eller klima? Vil du lære om andre kulturar, og er motivert til å bu ein periode i utlandet? Då bør du lese vidare!

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland har støtte frå NOREC (Norwegian Agency for Exchange Cooperation, tidlegare Norsk Fredskorps) til å koordinere eit spennande utvekslingsprosjekt i samarbeid med Stiftelsen Nyenga i Uganda. Det er søkt om forlenging av prosjektet, og med atterhald om finansiering søkjer vi etter to prosjektdeltakarar.

Prosjektet fokuserer på å tilpasse matproduksjonen til klimaendringar, utvikle skulehagar og organisere opplæringsprogram for bønder og studentar, inkludert feltopplæring og demonstrasjonar av prosjektresultat.
Fire unge vaksne, to frå Noreg og to frå Uganda, deltek i utvekslingsprogrammet i løpet av vekstsesongane i Noreg og Uganda. Prosjektet startar i januar 2026 og varer i 14 månader, inkludert to månader med etterarbeid.

Førebels er utvekslingsopphalda fordelte slik:

  • Januar: Førebuande kulturutvekslingsprogram i Nairobi, Kenya
  • Januar til april: Nyenga, Uganda
  • April til september: SJH i Aurland, Noreg
  • September til desember: Nyenga, Uganda
  • Januar og februar: Etterarbeid (formidling og føredrag i Noreg)

Arbeidsoppgåver

  • Klimasmart matproduksjon: Vidareutvikle klimasmarte jordbruksmetodar og frøbankar for å styrkje matberedskapen.
  • Skulehagar: Etablere rutinar for skulehage og uteundervisning. Organisere opplæringsprogram for bønder og studentar, inkludert feltopplæring og demonstrasjon av            prosjektresultat.
  • Vere involvert i skulejordbruket, som er eit fag ved skulane til Stiftelsen Nyenga og Sogn Jord- og Hagebruksskule.
  • Delta på ekskursjonar.
  • Rapportskriving og dokumentasjon av prosjektresultat.
  • Halde føredrag og drive formidlingsarbeid etter endt praksisperiode.

Prosjektet har namnet «Strengthen Food Preparedness and Income Opportunities through Climate Adaptation and Sustainable Farm Production Systems» og har som mål å fremje berekraftige jordbruksmetodar for å styrkje matsikkerheita. Deltakarane deler kunnskap og erfaringar innan klimavenlege og økologiske jordbruksmetodar gjennom aktiv deltaking i arbeid knytt til undervisning i jord- og hagebruk både i Noreg og Uganda.
No startar prosessen med å finne deltakarar til utvekslingsprogrammet i 2027. Vi ser etter to engasjerte unge vaksne som ønskjer å vere med på å vidareutvikle prosjektet. Deltaking i utvekslingsprosjektet gir verdifull kunnskap om jordbruk og undervisning på tvers av kontinent og landegrenser, unik utanlandserfaring og spanande, utfordrande og lærerike kulturmøte.

For meir informasjon:

Børre Solberg
Rektor ved Sogn Jord- og Hagebruksskule
E-post: borre.solberg@vlfk.no, Telefon: +47 412 19 505

Anne Grete Kjørrefjord
Styremedlem i Stiftelsen Nyenga
E-post: anne.grete@nyenga.org, Telefon: +47 909 37 599

Kvalifikasjonar

Mellom 18 og 35 år

  • Utdanning innan landbruk, pedagogikk, klima eller liknande fagfelt
  • Interesse for jordbruk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
     

Ønska kvalifikasjonar, men ikkje eit krav:

  • Tilknytning til Sogn Jord- og Hagebruksskule
  • Utanlandserfaring
  • Kjennskap til Uganda/Øst-Afrika

Personlege eigenskapar

  •  Er audmjuk og har god refleksjonsevne i møte med ulike kulturar, religionar og levemåtar.
  • Er flink til å byggje relasjonar med studentar, lærarar, bønder og andre samarbeidspartnarar, både i Nyenga og i Aurland.
  • Er moden og trygg på deg sjølv, og kan handtere eit lengre utanlandsopphald.
  • Er motivert for å bu på den ugandiske landsbygda.
  • Er initiativrik, lærevillig og har auge for gode løysingar.
  • Er fleksibel og omstillingsdyktig.
  • Har evne og vilje til samarbeid.

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei godtgjering/ månad - Norec sine retningsliner og godkjend budsjett for utvekslinga sett ramma for dette.
  • Alle reise, opphaldskostnader, visum, forsikringar mm dekkast av prosjektet.
  • Ei spennande og annleis oppleving