I samband med Økoveka opnar Sogn Jord- og Hagebruksskule garden og skulen for alle som er nysgjerrige på økologisk og berekraftig landbruk.
Laurdag 12. september frå kl. 10.00 til 14.00 inviterer vi til ein innhaldsrik dag på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Her kan du få eit innblikk i kva vi arbeider med, og korleis vi jobbar med berekraftig landbruk og ressursbruk.
Det blir mellom anna plantefarging, fermentering, grønsaksbod, hestevogn og kornhausting på gamlemåten. Du kan også lære meir om jordfruktbarheit, besøke gardsbutikken, som er open, og få noko å ete i kantina.
Program
- 10-11 Få ein tur i hestevogn
- 11-12 Verkstad, Lag din eigen urtesalve, Ta frø frå tomat, gresskar og paprika, Plantefarging
- 12-12:30 Folkedans
- 12-13 Lunsj med grønt fra garden
- 13-14 Verkstad, samme som tidligere
- 13–14 Spiren gardsbarnehage inviterer til eit kort dukketeater med «De tre bukkane Bruse», etterfølgt av verkstad
- Heile dagen, Eplepressing, smaksprøvar, kunnskap om jordhelse og masse kos
Vi ønskjer særleg framtidige elevar og folk frå bygda velkomne, men arrangementet er ope for alle.
Kom innom og bli kjend med skulen, garden og det vi driv med!



Meir å oppleve i Aurland 12. september – kom til Geologiens dag!
Etter ein tur innom Open økologisk gard og skule på Sogn Jord- og Hagebruksskule, kan du ta turen vidare til Heradshuset og Geologiens dag.
Her ventar ein spennande og lærerik dag for både store og små, med aktivitetar, quiz, overraskingar og premiar. Du kan utforske vulkanar, jordskjelv, mineral og brear – og lære meir om korleis geologien har vore med på å forme det fantastiske landskapet rundt oss.
Geologiens dag er på Heradshuset kl. 11.00–14.00, og det blir sjølvsagt også kaffi og kaker.
Kl. 14.00–15.00 held Stein Bondevik foredrag på Trudvang kino om geologien i Aurlandsdalen – sett både gjennom brillene til ein geolog og kameralinsa til ei drone.
Arrangementet er i samarbeid med Norsk Geologisk Forening Sogn.
Håpar du kjem!
