Hopp til hovedinnhold

Kurs

Deltakarar  ved Ressurssenteret på Sogn Jord- og Hagebruksskule lærer om økologisk landbruk, birøkt, grønsaksdyrking, ysting og småskalaproduksjon.

Ressurssenteret ved Sogn Jord- og Hagebruksskule arrangerer kurs gjennom heile året for bønder, småskalaprodusentar og andre som ønskjer meir kunnskap om økologisk og berekraftig drift.
Vi tilbyr både korte og lengre kurs i tema som mjølkeforedling og ysting, birøkt, kompostering, fruktdyrking, grønsaksproduksjon og marknadshage.

Kursa kombinerer teori og praktisk læring på skulegarden vår – eit levande øvingsfelt for økologisk landbruk. Mange kurs vert arrangerte i samarbeid med Kompetansenavet Vest og andre fagmiljø i landbruket.

👉 Følg med på denne sida for oppdatert kursoversikt og påmelding til kommande arrangement.

Kurset byrjar måndag 26. januar 2026 og avsluttar fredag 30. januar 2026.

Skulen har nokon ledige internatrom. Meld frå ved påmelding om du ynskjer bu på skulen.

Program og litt meir informasjon om kurset finn du her.

Påmelding skjer til/på epost: paamelding.sjh@vlfk.no
Ved spørsmål ta kontakt med Sogn Jord- og Hagebruksskule, tlf.: 57 63 71 00

 

 

Kurset byrjar måndag 02. mars 2026 og avsluttar tysdag 03. mars 2026.

Skulen har nokon ledige internatrom. Meld frå ved påmelding om du ynskjer bu på skulen.

Program og meir informasjon om kurset finn du her.

Meld deg på kurset

Ved spørsmål ta kontakt med Sogn Jord- og Hagebruksskule, tlf.: 57 63 71 00

 

 

Sogn Jord- og Hagebruksskule arrangerer ein fullteikna workshop i økologisk fruktdyrking 7.–8. mars 2026 i Aurland. Workshopen er knytt til etableringa av ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon og samlar produsentar og fagfolk til fagleg påfyll og erfaringsutveksling. Programmet omfattar både teoretiske og praktiske delar, mellom anna podekurs og sortvurderingar.

📍 Stad: Aurland
📅 Tid: 7.–8. mars 2026
ℹ️ Status: Kurset er fullteikna

KVANN – Kunnskap og vern av nytteplanter i Noreg – arrangerer podedag ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Kurset gir ei praktisk innføring i poding av frukttre og passar både for nybyrjarar og for dei som ønskjer ei oppfrisking.

Deltakarane får høve til å bli kjend med frukthagen ved skulen og prøve seg på poding i praksis, med rettleiing undervegs. Det er mogleg å kjøpe grunnstammar, podekvist, voks, strikk og anna naudsynt utstyr til rimeleg pris. Kaffe og enkel servering er inkludert.

Sogn Jord- og Hagebruksskule har nasjonalt ansvar for vidaregåande opplæring i økologisk landbruk og arbeider no med å etablere ein visningshage for økologisk fruktproduksjon. Podedagen er ein del av dette fagmiljøet og arbeidet med formidling av praktisk kunnskap.

📅 Tid: Laurdag 14. mars kl. 11.00–14.00
📍 Stad: Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland
👥 Arrangør: KVANN – Kunnskap og vern av nytteplanter i Noreg
Påmeldingsfrist: Fredag 13. mars kl. 16.00

Meld deg på og få meir informasjon

 

Påmelding til Aud Slettehaug; epost: aud.slettehaug@vlfk.no / mobil: 47375739
 
 
 
 

Praktisk smørkurs - separering av mjølk og kinning av smør 

Dato:             torsdag 16. april 2026
Stad:             Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland

Kurset passer for deg som har interesse for videreforedling av melk til smør og rømme på støl eller gård. Du får praktisk kjennskap til separering, råvarekvalitet, syrning og mikrobiologi for å kunne kinne smør av rå melk.

Skulen har nokon ledige internatrom. Meld frå ved påmelding om du ynskjer bu på skulen.

Program og meir informasjon om kurset finn du her.Meld deg på kurset

Ved spørsmål ta kontakt med Sogn Jord- og Hagebruksskule, tlf.: 57 63 71 00