Hopp til hovedinnhold

Om Sogn Jord- og Hagebruksskule

Skulegarden til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland – Noregs einaste heiløkologiske vidaregåande skule med naturbruk, fagskule, kurs og ressurssenter.

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule med elevar frå heile landet i alle aldrar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. Heile skulegarden er økologisk.

Kontaktinformasjon

Vil du kontakte oss eller besøkje skulen? Klikk her for å finne meir informasjon.

Utdanningstilboda våre

Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein vidaregåande skule innan naturbruk, ein fagskule i handverksysting og tilbyr kurs gjennom ressurssenteret. Klikk på lenkjene under for å finne ut meir.
Naturbruk Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologiskNaturbruk Vg3 Landbruk, økologiskFagskule HandverksystingKurs

Ressurssenteret

arrangerer kortare og lengre kurs for bønder, småskalaprodusentar og andre interesserte. Mjølkeforedling, birøkt, kompostering, fruktdyrking og andelslandbruk har vore tema dei siste åra. Mange av kursa er arrangert i samarbeid med Kompetansenavet Vest.
Nysgjerrig? Les meir om ressurssenteret og tilboda deira her.

Gardsbutikken

ligg på tunet til landets einaste heiløkologiske landbruksskule. Idyllisk plassert mellom fjord, fjell og fjøs.
Finn kontaktinformasjon og opningstider her.

Inn på tunet (IPT)  

vert definert som tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstilbod på gardsbruk. Tilbodet har som mål å gje meistring, utvikling og trivnad.
Les meir om Inn på tunet her.

Spiren gardsbarnehage

er ein liten triveleg barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren barnehage vart starta i 1989 av studentar og foreldre ved den økologiske jordbruksskulen.
Les meir om gardsbarnehagen

Garden

Garden vår er klasserommet. Her lærer elevane økologisk landbruk gjennom arbeid med jord, planter og dyr. All drift er Debio-sertifisert og gir ekte erfaring frå kvardagen i landbruket.
Les meir om garden som klasserommet her.