Hopp til hovedinnhold

Ysteteknikarar

Fagskulen i Handverksysting-verdiskaping i mjølkeforedling har uteksaminert sitt første kull. Me gratulerer dei som Ysteteknikarar. Første kull ferdig utdanna ysteteknikarar. Framme frå venstre; Linn Skjærlund, Bjørn Mikael Nordgård-Melander, Hans Haugstad Avdem, Mathilde Grimsby og Beate Flugheim Neset. Bak frå venstre; Siri Øvretveit, Tone Koløen, Beate Kiran Skansen, Sonja Herikstad Skårland, John Inge Leira Bjøringsøy, Helene Klingsheim Austvoll , Erlend Kandal (bak), Ann-Ingeborg Johnsen,Tim Reidar Stenberg og Marte Uvaag.

Studentane har hatt ni samlingar  på Sogn Jord- og Hagebruksskule  og Trondheim høyere yrkesfagskole gjennom to år. På samlingane og i tida mellom har dei jobba med 'mjølkas mysterium' i teori og praksis. Siste halvår har i stor grad vore nytta til eigne hovudprosjekt. Gamalost, lokale tradisjonsostar og utvikling av eigne syrnings-og modningskulturar er nokre av desse hovudprosjekta. Her er formidling av både handlingsboren og teoretisk kunnskap som kan kome framtidige ystarer og andre til glede og nytte.