Hopp til hovedinnhold

Velkommen til eit nytt skuleår

VG2-elevar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule

18. august starta eit nytt skuleår ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Elevar og tilsette samla seg rundt bålet for ein varm og sosial start på skuleåret, med velkomstord, helsing frå ordføraren og nokre ord frå rektor.

På plassen utanfor skulen samla alle elevane og dei tilsette seg rundt bålet for å markere starten på eit nytt skuleår. Elevgruppa er ei spennande blanding av menneske med ulike bakgrunnar, erfaringar og interesser, men alle har dei noko til felles: interessa for naturbruk, landbruk og livet på Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Pedagogisk leiar Kristin Ryum ønskte alle velkomne og gav ei kort innleiing til det nye skuleåret. Det var ein fin måte å samle både nye og kjende fjes på og starte året saman som eit fellesskap.

Deretter heldt ordførar Kjell Bøe Bjørgum ein tale om kommunen og bygda. Han løfta fram kor viktig landbruket er for lokalsamfunnet, og kor mykje eit godt fellesskap betyr.

Til slutt heldt rektor Børre Solberg ei kort tale der han ønskte alle elevane velkomne til eit nytt skuleår. Med nye menneske, nye erfaringar og mykje læring i vente er skuleåret godt i gang.

Vi ønskjer alle elevar og tilsette eit riktig godt skuleår!