Hopp til hovedinnhold

SJH satsar på utvekslingssamarbeid med Nyenga i Uganda

IMG_5748.jpg

Sogn Jord- og Hagebruksskule har saman med Nyenga stiftinga søkt om midlar frå Norec til utvekslingsprogram mellom organisasjonane. Prosjektet er basert på partnarskap og samarbeid som skal gi lærarar og elevar kunnskap om økologiske dyrkingsmetodar og klimasmarte løysingar i landbruket.

Stiftelsen Nyenga, ein norsk ideell stiftelse, arbeider med fleire av FNs berekrafts mål for å bidra til å redusere fattigdom, motarbeide ulikskap og løyse klimautfordringar. Senteret har 33 arbeidsplassar med jordbruk, helsesenter, grunnskule, og satsing på entreprenørskap. Stiftelsen har fokus på sirkulær økonomi og har som mål å leggje om til økologisk drift av garden.  

I oktober besøkte David Kariuki Mbogo-Svensson og Marianne Skudal frå SJH Nyenga for å planleggje samarbeidsprosjektet om klimasmart jordbruk. Vi kartla behov, moglegheiter og målsetjingar for utvekslinga. Det blei laga  prosjektplan i partnarmøtet av styreleiar Anne Grete Kjørrefjord og Marianne Skudal, og me håpar å få midlar til partnarskapsavtale. Mange nyttige innspel ble lagt fram i møte med involverte på garden og i skulen, og det var inspirerande å vera saman for å diskutere gode løysingar for framtida til landbruket. Unge menneske ved skulane kan lære av kvarandre ved å utveksle kunnskap og erfaringar. Saman vil dei kunne utforske korleis vi kan få betre praksis for å tilpasse klimaendringane.

Nokon av aktivitetane som vi ynskjer å gjennomføre er etablering av frøbankar både i Aurland og i Nyenga for å ha kontinuerleg tilførsel av økologiske og rimelege frø. Lærdom i korleis ein tørkar frø og byggjer ein frøbank vil vera verdifull kunnskap for framtida. Ein anna aktivitet er å etablere eit sirkulært system med svarte soldatfluger med insektslarvar som er proteinrike. Det er i tråd med den norske regjeringa si satsing på berekraftig fòr. Produksjon av insektslarvar som ein ny ressurs styrkar sirkulærøkonomien og avfall blir ein viktig ressurs for dyr.

Uganda og Norge har same type utfordringar når det gjeld klima. Flom og tørke i lengre periodar skapar utfordringar for matforsyninga. I løpet av veka vi besøkte Nyenga etablerte David saman med tilsette på garden ein kjøkenhage med vekt på naturgjødsel, redusert behov for sprøyting, og klimasmarte løysingar. Det blei òg prøvd ut ein ny type jorddekke som heiter Pinto, i større område rundt bananplantasjane. Det har vore særs vellukka som dekkmateriale i ettertid.

Til våren vil vi få tilbakemelding om vi får midlar frå Norec til utvekslingssamarbeidet. Vi håpar på ei skikkeleg gladmelding som gir oss ein moglegheit til å bidra for ein berekraftig framtid for klima og miljø.

Tekst: Anne Grete Kjørrefjord og Marianne Skudal
Foto: Marianne Skudal