Vil du jobbe praktisk med økologisk husdyrhald og fôrproduksjon i spektakulære omgjevnader mellom fjord og fjell? Sogn Jord- og Hagebruksskule søkjer sesongarbeidar i 100 % stilling frå 1. april til 30. september 2026.
Om stillinga
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune og er Noregs einaste vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. Skulen har plass til 52 elevar fordelt på Vg2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk og Vg3 Landbruk, økologisk.
Skulegarden er økologisk driven og er ein sentral del av undervisinga. SJH har gartneri, gardsbutikk, foredlingslokale, internat og eit aktivt ressurssenter for kurs og fagutvikling.
Vi søkjer no ein sesongarbeidar i 100 % stilling i perioden 01.04.2026–30.09.2026, med hovudvekt på arbeid innan husdyr og fôrproduksjon.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga inneber varierte oppgåver på heile skulegardsbruket, mellom anna:
- Husdyrstell (mjølking, fôring, tilsyn)
- Slått og hausting
- Fôrproduksjon og handtering
- Traktorkøyring og bruk av ulike reiskapar
- Vatning og sesongarbeid i vekstsesong
- Det må påreknast noko helgearbeid og periodar med delt arbeidsdag.
+-Se større bilde
+-Se større bilde
+-Se større bildeBruk piltastene til å bla i bildene
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Praktisk erfaring med allsidig gardsdrift (mjølking, slått m.m.)
- Gjerne erfaring med økologisk husdyr- og fôrproduksjon
- Førarkort klasse B og traktorførarkort
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Arbeid i eit fagleg sterkt og inkluderande miljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
- Arbeidsplass i unike omgjevnader i Aurland
Søknadsinformasjon
Søknadsfrist: 12. mars 2026
Arbeidsperiode: 01.04.2026–30.09.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Webcruiter-ID: 5084585700
Kontaktperson:
Børre Solberg, rektor
Telefon: 412 19 505
