Sogn Jord- og Hagebruksskule arrangerer ein workshop i økologisk fruktdyrking 7.–8. mars 2026 i Aurland. Workshopen er ein del av skulen sitt arbeid med å etablere ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon.
I 2025 starta Sogn Jord- og Hagebruksskule arbeidet med å etablere ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon i Aurland. Visningshagen skal vere til inspirasjon for produsentar som ønskjer å etablere fruktproduksjon på eigen gard, anten som hovudnæring eller som eit tillegg til annan drift.
I samband med dette vert det arrangert ein workshop i økologisk fruktdyrking helga 7.–8. mars 2026. Kurset er fullteikna, og samlar produsentar og fagfolk til fagleg påfyll og erfaringsutveksling.
Hagebrukslærar Mathias Lehrmann deler erfaringar frå arbeidet med visningshagen og legg til rette for både teoretiske og praktiske økter. Programmet omfattar mellom anna:
- erfaringsutveksling om økologisk fruktproduksjon
- podekurs
- sortvurderingar og faglege diskusjonar
Workshopen er ein del av skulen sitt langsiktige arbeid med økologisk fruktproduksjon, kompetansebygging og formidling.
