Frå 13. til 15. mars 2026 deltok Sogn Jord- og Hagebruksskule på den 16. ostefestivalen i Sand in Taufers i Sør-Tirol. Her vart norsk ostetradisjon presentert gjennom foredrag, smaking og møte med eit internasjonalt publikum.
Frå 13. til 15. mars vart den 16. ostefestivalen arrangert i Sand in Taufers i Sør-Tirol. Festivalen samla ystarar, fagfolk og osteinteresserte frå fleire land.
Som representant for Sogn Jord- og Hagebruksskule deltok ein av lærarane våre med foredraget «Save the gamalost». Her vart den norske ostetradisjonen presentert gjennom historia til tradisjonsostane, korleis dei vert laga, og kva rolle dei har i dagens matproduksjon.



Under festivalen vart fleire tradisjonelle norske ostar presenterte, saman med nokre nyare variantar. Publikum fekk smake på ostane og lære meir om norsk ysting. Brunost servert med svele vart òg godt motteke av mange besøkjande.
Den eigenproduserte gamalosten fekk særleg merksemd blant dei som er opptekne av tradisjonell handverksproduksjon og lokal matkultur.
På standen deltok òg Aud Slettehaug frå Kompetansenavet Vest og Anna Karine Marstein frå Undredal Stølsysteri, medan Jan Peter Aursnes heldt eit innlegg om dei nye norske ostane.
Finn ut meir om festivalen på Facebook.
Deltakinga på festivalen er òg knytt til undervisninga ved skulen. Læraren underviser både i naturbruk og ved fagskulen for handverksysting, der tema som husdyrhald, mjølkeproduksjon og foredling av mjølk står sentralt.
Osten som vart presentert på festivalen kan òg kjøpast i gardsbutikken ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Klikk her for å lese meir om gardsbutikken vår.
