Hopp til hovedinnhold

Lær poding av frukttre – podedag ved SJH 14. mars

Eplehausting i økologisk frukthage ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland

Laurdag 14. mars inviterer KVANN – Kunnskap og vern av nytteplanter i Noreg – til podedag ved Sogn Jord- og Hagebrukskule i Aurland. Arrangementet gir ei praktisk innføring i poding av frukttre, både for nybyrjarar og for dei som ønskjer ei oppfrisking.

Er du nyfiken på poding, eller har du frukttre som treng fornying? Podedag i Sogn gir deltakarane høve til å bli betre kjende med frukthagen ved Sogn Jord- og Hagebrukskule og prøve seg på poding i praksis.

Arrangementet passar både for deg som aldri har poda før, og for deg som har noko erfaring, men ønskjer å friske opp kunnskapen. Undervegs vil det vere rettleiing, og deltakarane kan kjøpe grunnstammar, podekvist, voks, strikk og anna naudsynt utstyr til rimeleg pris. Kaffe og enkel servering er inkludert.

Sogn Jord- og Hagebrukskule har nasjonalt ansvar for vidaregåande opplæring i økologisk landbruk og arbeider no med å etablere ein ny visningshage for økologisk fruktproduksjon. Podedagen er ein del av dette fagmiljøet og arbeidet med formidling av praktisk kunnskap om fruktdyrking.

📅 Tid: Laurdag 14. mars kl. 11.00–14.00
📍 Stad: Sogn Jord- og Hagebrukskule, Aurland
👥 Arrangør: KVANN – Kunnskap og vern av nytteplanter i Noreg
Påmeldingsfrist: Fredag 13. mars kl. 16.00

Det blir også arrangert podedag i Hardanger 21. mars.

Meld deg på og få meir informasjon