Hopp til hovedinnhold

Er du vår nye blomsterdekoratør / medarbeidar i gardsbutikk?

Fargerike blomster frå skulegarden ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.

Er du kreativ, serviceinnstilt og har eit hjarte for blomar, handverk og økologi? Vi på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) søkjer deg som vil vere med og skape vakre opplevingar i gardsbutikken vår. Som blomsterdekoratør / medarbeidar blir du del av eit levande og grønt fellesskap der berekraft, skaparglede og menneske står i sentrum.

Om oss

Sogn Jord- og Hagebruksskule ligg midt i Aurland sentrum, omgitt av fjord og fjell. Skulen er ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk, der teori og praksis går hand i hand.
På skulegarden driv vi økologisk jordbruk, gartneri, gardsbutikk og foredling – alt som ein del av opplæringa og formidlinga vår. Her arbeider elevar, lærarar og fagfolk saman med same mål: å lære, dele og dyrke berekraftige verdiar.

Om stillinga

Vi søkjer ein engasjert blomsterdekoratør / medarbeidar i gardsbutikken til eit vikariat i 80–100 % stilling. Du får ansvar for blomsteravdelinga og blir ein viktig del av teamet vårt.
Arbeidet er variert og gjev deg høve til å bruke både kreativitet, fagkunnskap og menneskekontakt – frå å binde bukettar og dekorasjonar til å møte kundar, ta imot bestillingar og bidra i butikkdrifta.

Arbeidsoppgåver:

  • Skape vakkert binderi til små og store anledningar
  • Ha ansvar for blomsteravdelinga i gardsbutikken
  • Ta imot og handtere bestillingar på telefon og i butikk
  • Samarbeide med gartnar om produksjon i veksthus og snittfelt
  • Delta aktivt i teamarbeid og bidra til godt arbeidsmiljø
  • Utføre utkøyring av blomsterbestillingar
  • Arbeid i gardsbutikken: kassaarbeid, varebestilling, prising og vareplassering
  • Arbeid utanom ordinær arbeidstid kan førekomme i periodar

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som blomsterdekoratør, eller dokumentert erfaring med blomsterbinding (krav)
  • Relevant praksis innan fagområdet
  • Interesse for økologisk produksjon og berekraft
  • Evne til å bidra i eit godt arbeids- og læringsmiljø

Vi ser etter ein person som har både skaparglede og omtanke i arbeidet sitt. Du er kreativ, positiv og serviceinnstilt – ein som trivst når det skjer mykje rundt deg, og som like gjerne jobbar sjølvstendig som saman med andre. Struktur, pågangsmot og eit smittande godt humør er eigenskapar vi set stor pris på.

Hos oss får du ein triveleg og inkluderande arbeidsplass med engasjerte kollegaer som brenn for både fag og fellesskap. Arbeidskvardagen er variert og meiningsfull, og du blir del av eit miljø som verdset fagkunnskap, berekraft og samarbeid. Løn og tilsetjingsvilkår følgjer fylkeskommunale avtalar.