Hopp til hovedinnhold

Mat og vin

Dora lagar mat

Ein laurdag i april arrangerte Dora Inke Bouman ein mat- og vinkveld på Bell. Dora er elev i vg3 og arrangerte denne smakfulle kvelden for 20 gjester, som svar på ei oppgåve i naturbasert næringsutvikling. Formidling av gode smaker på økologisk vegetarmat og naturvin var kveldenstema.

 

Kvelden vart innleia med boblar utanfor den gamle, sjarmerande låven på Bell , i dagens siste solstrålar .  I boblane var det ein smak av hylleblomst- noko som viste at her hadde Dora teke fram smakar frå fleire årstider. Så vart gjestane leia inn til dekka bord med kvite dukar og fleire glas enn me kunne telja. Kveldens someliér, Aska Bednorz , fortalde detaljert om de i ulike natur vinane som blei servert til maten – både om smak og produksjonsmetode. Til dømes var vin nummer to, som vart servert med ein enkel og elega nt samosar ett , kvit og dyrka i eit druefelt med mange ulike sortar om kvarandre. Produsenten nytta også geit for å holde gras og ugras nede rundt trea.

Mat og kunst

Den avanserte og varierte menyen var utforma og laga av Dora sjølv. For henne, som elles brukar måling til å gje uttrykk for kjenslene sine, er matlaging i nær slekt med måling. Forskjellen er at ho i ein matrett kan bruke fleire dimensjonar – her er ikkje berre fargar, men også lukt, smak og konsistens. Denne haldninga kan både sjåast og smakast i kveldens fire rettar: jordskokksuppe, samosa med blant anna blåmuggost og brennesle , raudbetesalat og ein dessert beståande av to ulike sortar heimelaga is med sjokolade.  

Det vart ein flott kveld med mykje godt for alle sansar.