Vil du vite meir om korleis det er å vere elev ved Sogn jord- og hagebruksskule? Onsdag 21. januar inviterer vi til digital open dag, der du kan bli kjend med utdanning innan økologisk og regenerativt naturbruk, møte elevar og lærarar og få svar på det du lurer på – uansett alder og bakgrunn.
Sogn Jord- og Hagebruksskule inviterer til digital open dag onsdag 21. januar kl. 16.30–17.30. Arrangementet er gratis og ope for alle, og passar både for ungdom og vaksne som vurderer utdanning innan VG2 og VG3 naturbruk.👉 Meld deg på digital open dag her



På den digitale opne dagen får du ei innføring i skulen sitt unike læringsmiljø og utdanningstilbod innan økologisk og regenerativt landbruk. Du får også ei digital omvising i skulen sine fasilitetar, høyre meir om studiemiljøet og kvardagen i Aurland, og møte både elevar og lærarar.
Vi gir deg innsikt i kva moglegheiter utdanninga kan gi vidare, og du får praktisk informasjon om opptak, samt høve til å stille spørsmål.
Arrangementet blir gjennomført digitalt via Teams, og du må melde deg på via påmeldingsskjema. Etter påmelding får du tilsendt lenkje til arrangementet.
👉 Meld deg på digital open dag her
Vi gler oss til å møte deg på digital open dag ved Sogn jord- og hagebruksskule 🌱
