Vil du lære om jord, plantar og dyr – og om korleis vi kan drive berekraftig og ta vare på naturen? På Naturbruk VG2 og VG3 ved Sogn Jord- og Hagebruksskule får du praktisk opplæring i økologisk og miljøvennleg landbruk. Utdanninga passar for deg som vil arbeide innan landbruk, gartnarnæring eller naturforvalting – eller som drøymer om å drive eigen gard. Skulen er landsline, noko som betyr at elevar frå heile landet har lik rett til elevplass.
Vi tek opp elevar så lenge vi har ledig plass.
Opptak til Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk
Krav for opptak
For å bli teken inn må du ha:
- fullført VG1 Naturbruk (etter Kunnskapsløftet), eller
- fullført grunnkurs i Naturbruk (frå Reform 94), eller
- tilsvarande kompetanse
Søkjarar med VG1 Naturbruk har førsterett. Dersom det framleis er ledige plassar, kan søkjarar frå andre programområde bli vurderte dersom dei kan dokumentere tilfredsstillande landbrukspraksis.
Tilsvarande kompetanse (utan VG1 Naturbruk)
For å bli vurdert til inntak må du dokumentere praksis som oppfyller krava nedanfor. Praksisen treng ikkje vere frå økologisk drift.
Praksis i husdyrstell og planteproduksjon må vere i ulike periodar. Dersom du gjer begge delar i same periode, tel det berre for eitt av krava. Begge praksisperiodane kan vere på same gard, og arbeidet kan tilpassast behovet på garden. Dersom begge praksisperiodane er på same gard, blir det til saman 6 veker praksis.
Husdyrstell
Du må ha:
- minst 3 veker samanhengande praksis, eller
- 4 veker praksis samla dersom praksisen i husdyrstell er delt opp
- Praksisen skal vere med ku, geit, sau, gris eller hest.
Planteproduksjon
Du må ha:
- minst 3 veker samanhengande praksis, eller
- 4 veker praksis samla dersom praksisen i planteproduksjon er delt opp
- Praksisen kan vere på gard, gartneri eller i parkanlegg.
Maskiner
Du må ha:
- kjennskap til korleis ein traktor fungerer, og ha prøvd enkel køyring under tilsyn
- kjennskap til korleis ei motorsag fungerer, og ha prøvd enkel bruk under tilsyn
Dokumentasjon
Du må leggje fram attest som dokumenterer praksisen, eller oppgje ein referanse som kan stadfeste dette.
Praksisen kan gjennomførast fram til skulestart.
Det er også mogleg å søkje om praksisplass ved skulen.
Fellesfag på VG2
I tillegg til programfaga får du undervising i:
- norsk
- samfunnsfag
- kroppsøving
Har du allmennfag frå før, kan du søkje om fritak frå desse faga.
Opptak til Naturbruk VG3 Landbruk, økologisk
Krav for opptak
- For å bli teken inn på Naturbruk VG3 Landbruk, økologisk, må du ha:
- fullført Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk, eller
- tilsvarande fagbakgrunn
Søkjarar med Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring, økologisk har førsterett. Deretter kan søkjarar med Naturbruk VG2 Landbruk og gartnarnæring (ordinær eller annan spesialisering) bli vurderte.
Opptak for vaksne søkjarar (dersom ledige plassar)
Dersom det framleis er ledige plassar, kan godt vaksne søkjarar bli vurderte dersom dei kan dokumentere:
- minst 6 veker samanhengande praksis med husdyrstell
- minst 6 veker samanhengande praksis i planteproduksjon
- erfaring med traktorkøyring
- erfaring med motorsag (felling og kvisting under tilsyn)
Vitnemål og kompetansebevis
- Elevar med VG1 Naturbruk får vitnemål etter fullført VG3 Landbruk, økologisk
- Elevar utan VG1 Naturbruk får kompetansebevis etter fullført VG3 Landbruk, økologisk
- Har du landbruksbakgrunn frå før, kan du ta VG1 Naturbruk som privatist for å få vitnemål og tryggare inntak.