Hopp til hovedinnhold

Internatet

Flyfoto av internatet ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, omgitt av grøne marker, bygningar, hagar og skuleområdet i Aurland.

Internatet er eit sentralt og levande fellesskap på SJH, der du bur tett på både skulekvardagen og vennskap – midt i Aurland, omgjeven av fjord og fjell.

Alle elevar får tilbod om å bu på internat og disponerer eige rom med tilgang til fellesareal og kjøkken. Internatet gir rom for både ro og eigen tid, og for fellesskap rundt måltid, samtalar og kvardagsliv. I fritida kan du nytte skulen sine fasilitetar, som treverkstad, bibliotek, ridebane og elevhage.

🛏️ Hyblar og fasilitetar

Internatet har 30 hyblar fordelt over to etasjar, alle med:

  • Seng, skrivepult, stol og lenestol
  • Vaskeservant
  • Felles kjøkken på kvar etasje
  • Felles toalett og dusj

Dette gir deg ei god balanse mellom privatliv og fellesskap.

🍽️ Mat og måltid

  • Varm middag på skuledagar (kl. 11.30) er inkludert i husleiga – slik at total bukostnad blir lågare. 
  • Du kan velje vegetarkost dersom du ønskjer det. 
  • Meir enn 90 % av maten er laga av økologiske råvarer, og køkkenet har Debios gullmerke for økologisk matservering. 
  • For dei som ikkje bur på internatet, er det mogleg å abonnera på middag, eller kjøpe enkeltmåltid i matsalen. 

🧼 Kvardagsliv og ansvar

Elevar som bur på internatet:

  • Sørgjer sjølve for reinhald på eigen hybel
  • Har tilgang på vaskemaskin og tørketrommel
  • Rusmiddel og tobakksbruk på internatet er strengt forbode for å sikre eit trygt og sunt miljø.

 📍Kvifor velje internatet på SJH?

✔ Lev i eit sterkt fellesskap med andre elevar
✔ Få tilgang til gode fasilitetar og økologisk mat
✔ Bu midt i Aurland med turar, aktivitetar og natur heilt nært
✔ Ein trygg og rusfri base for både kvardag og fritid

 💰 Prisar (frå 01.08.2025)

  • Bustad på internatet (inkl. middag på skuledagar): 4 600 kr/mnd 
    Abonnement på økologisk middag: 1 800 kr/mnd
    – Rabattert pris ved langtidsavtale
  • Enkelt middag for elevar: 150 kr
  • Kaffe/te-avtale (for dei utan internat): 120 kr/mnd