Hopp til hovedinnhold

Livet på skulen

Elevar frå Sogn Jord- og Hagebruksskule på fjelltur i fritida, sittande rundt eit bål ved elvekanten.

Kvardagen ved Sogn Jord- og Hagebruksskule er meir enn undervisning. Her får du unike fritidsmoglegheiter, sterke fellesskap og naturen rett utanfor døra.

🎒 Fritidstilbod på skulen

På Sogn Jord- og Hagebruksskule kjem det elevar med ulike bakgrunnar og i ulike aldrar. Nokon er vaksne opp på gard, andre kjem heilt utan erfaring frå landbruk. Mange kjem òg frå andre delar av Skandinavia. Dette mangfaldet skaper eit rikt læringsmiljø og eit inkluderande fellesskap der det er plass til alle.
I fritida kan du bruke skulen sine fasilitetar, som treverkstad, bibliotek, ridebane og elevhage.
Likar du å vere ute i naturen, har du kome til rette staden. Skulen ligg heilt spesielt til, midt i verdsarvnaturen i Aurland, omgitt av bratte fjell, levande kulturlandskap og Sognefjorden. Hit kjem menneske frå heile verda for å oppleve landskapet. Sjølv om Aurland er ei lita bygd, skjer det alltid noko. Enten du er interessert i friluftsliv, idrett, handverk eller andre aktivitetar, finst det mange lokale tilbod og initiativ.
Elevane er også flinke til å skape sitt eige sosiale liv med bålkveldar, badstue, turar i nærområdet og spontane samlingar. Her veks både vennskap og fellesskap fram, i takt med kvardagen.
Hos oss får du ikkje berre ei utdanning i naturbruk – du får erfaringar, relasjonar og minne som varer lenge etter skuletida er over.

Verkstadar og aktivitetar

  • Treverkstad
  • Ull-, skinn- og metallarbeid
  • Musikkrom med instrument
  • Ridebane og skulehestar
  • Robåtar for turar på fjorden
  • Eigen elevhage der du kan dyrke mat
  • Skulen si hytte i Rasmusdalen – perfekt utgangspunkt for fjellturar mellom Aurland og Hallingdal

Her ligg alt til rette for å vere kreativ, aktiv og sosial – også utanfor timane.

🏔 Naturen som leikeplass

Aurland er omgitt av verdsarvnatur som innbyr til friluftsliv heile året. Her kan du gå i fjellet, fiske, padle, bade og oppleve stor natur – nesten utan å møte folk.

Populære turmål og opplevingar

  • Aurlandsdalen
  • Flåmsbana
  • Kystled Nærøyfjord
  • Nærøyfjorden Verdsarvpark
  • Aurland hamn
  • Høgfjellsfiske i Skarvheimen

Frå fjord til fjell – her finn du naturopplevingar du kjem til å hugse.

Aurlandsdalen

Flåmsbana

Kystled Nærøyfjord

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Aurland Hamn

Høgfjellsfiske i Skarvheimen

🏋️‍♂️ Fritidstilbod i bygda

Aurland har eit overraskande rikt aktivitetstilbod for ei lita bygd – og elevane våre er hjarteleg velkomne.

🏊‍♀️ Idrett og trening

Rett ved skulen ligg idretts- og samfunnshuset, med:

  • Gymnastikksal
  • Nyoppussa symje- og varmtvannsbasseng
  • Aurlandshallen, ei moderne fleirbrukshall
  • Styrkerom

Her kan du vere med på:

  • Volleyball
  • Handball
  • Trimgrupper for damer og herrar
  • Step
  • Boksing
  • Miniatyrskyting
  • Klatring

AurlandshallenAurland IdrettslagAurland Røde Kors

🎨 Kultur og aktivitetar i bygda

Aurland har eit aktivt kulturmiljø der du som elev kan delta i både tradisjonelle og moderne aktivitetar.

Tilbod i bygda:

  • Songkor og korps
  • Husflidslag
  • Musikk- og kulturskule
  • Gamaldanskveldar
  • Røde Kors-aktivitetar

I tillegg kan du besøkje:

  • Trudvang Kino
  • Aurland Folkebibliotek
  • Marianne Bakeri og Kafé, kjent for økologiske og lokale råvarer

Aurland kommune

Aurland Folkebibliotek

Trudvang Kino

Marianne Bakeri og Kafe