Andre samling i fagskulen i handverksysting er no godt i gang ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. I løpet av ei innhaldsrik veke får studentane fordjupe seg i tradisjonelle og moderne ysteteknikkar – frå gamalost og pultost til blåmugg- og kvitmuggostar.
Frå 3. til 8. november 2025 er studentane samla på Sogn Jord- og Hagebruksskule til den andre samlinga i fagskulen i handverksysting. Gjennom seks intensive dagar arbeider dei både praktisk i ysteriet og teoretisk i klasserommet med tema som mjølkekjemi, mikrobiologi, modning og ostestell.
Kvar dag har sitt eige tema – mellom anna pultost og gamalost, kvitmuggost og blåmuggost, halvfast kvitost og alpeost.
Studentane får òg ta del i sosiale og faglege møtepunkt – som dravlekoking i eldhuset, pizzakveld på Mariannes Bakeri og besøk på Li Ysteri i Aurland, der dei får sjå korleis handverksysting blir praktisert i eit lokalt ysteri.
Gjennom fagskulen får deltakarane utvikle både handlag og forståing for heile prosessen – frå rå mjølk til ferdig modna ost – og lære korleis gode produkt vert til gjennom berekraftig produksjon og levande matkultur.
Les gjerne meir her om fagskulen
