Med spade og rive i hendene har elevar på Vg2 gjort klar marknadshagen og storhagen for vinteren. Hvitlauk kjem i jorda, og beda blir sådde til med vintergrønt – alt som del av opplæringa i økologisk landbruk.
Hausten er ei aktiv tid ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Når dagane blir kortare og lufta friskare, brukar elevane tida ute i marknadshagen for å førebu jorda til neste sesong.
I lag med lærarar og tilsette har dei sett kvitlauk, lagt duk over beda og sådd vintergrønt – ei øving som gir praktisk erfaring i økologisk landbruk og berekraftig matproduksjon.
Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein av Noregs fremste naturbruksskular, med særleg vekt på økologisk landbruk, hagebruk og grønt fagarbeid. Elevane lærer både teori og praksis, og får ta del i heile produksjonssyklusen – frå jord til bord.
Vil du lære meir om naturbruk og økologisk landbruk?Les meir om naturbruksskula her.
Haust i marknadshagen – læring frå jord til bord



