Hopp til hovedinnhold

Bestilling av oppalsplanter – sesongen 2026

Oppalsplanter i gartneriet ved Sogn Jord- og Hagebruksskule

Sogn Jord- og Hagebruksskule tek no imot bestillingar på oppalsplanter for sesongen 2026. Planlegg vekstsesongen i god tid og send inn bestilling innan 9. mars.

Tida er komen for å planleggje vekstsesongen, og vi er klare til å ta imot bestillingar på oppalsplantene våre 🌱

Dersom du ønskjer å tinge plantar frå oss, ta kontakt.
Bestill oppalsplanter no

Vi sender deg bestillingsskjema, og det er fint om vi får skjemaet i retur innan 9. mars, slik at vi kan få det inn i såplanen vår.

Vi tek imot bestillingar på heile eller minimum halve brett. Enkeltplantar vil vere tilgjengelege i gartneriet for sjølvplukk når dei er klare.

Vi ser fram til ein ny vekstsesong saman med dykk 🌿

 

Elevane ved SJH lærer økologisk planteproduksjon gjennom praktisk arbeid i gartneriet. Les meir om Naturbruk ved SJH