Naturbruk – utdanning for framtida
På Sogn Jord- og Hagebruksskule får du ei unik naturbruksutdanning på Noregs einaste heiløkologiske vidaregåande skule. Vi tilbyr Naturbruk Vg2 Landbruk og gartnernæring (økologisk) og Naturbruk Vg3 Landbruk (økologisk). Etter fullført Vg3 Landbruk hjå oss blir du agronom i økologisk landbruk.
Sogn Jord- og Hagebruksskule – ein heiløkologisk læringsarena
Vi tilbyr naturbruksutdanning, fagskule, kurs og eit aktivt ressurssenter for bønder og småskalaprodusentar. Garden er klasserommet, og heile skulen er driven økologisk – med berekraft, praksis og samarbeid i sentrum.Aktuelle saker
Nye kurs i mjølkeforedling ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i 2026
Sogn Jord- og Hagebruksskule tilbyr fleire praktiske kurs i mjølkeforedling i 2026. Kursa passar for bønder, stølsbrukarar og andre som ønskjer fagleg påfyll innan vidareforedling av mjølk, som brunost, smør og ysting.

Vi søkjer ein ny resepsjons- og administrasjonskonsulent
Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland søkjer ein varm, løysingsorientert og strukturert resepsjons- og administrasjonskonsulent som vil vere eit sentralt ansikt utad og ein viktig støttespelar i skulekvardagen. Hos oss blir du del av eit unikt fagmi...

Førjulsdag på SJH – Laurdag 6. desember kl. 10–14
Velkomen til ein triveleg førjulsdag på Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland! Det blir open gardsbutikk, bålkaffi og kakao, kransebinding, juleverkstad og ekte førjulskos for heile familien. Gratis og ope for alle – kom og opplev stemninga på SJH f...

