Sogn Jord- og Hagebruksskule er med på Tusenhjarteslag – Fredsdagar i Aurland 13.–16. november. Gjennom føredrag, film, kunst og konsertar blir fred, berekraft og samarbeid sett i fokus – både lokalt og globalt.
Velkomen til Tusenhjarteslag – Fredsdagar i Aurland 13.–16. november 2025!
Arrangementet samlar lokale aktørar, elevar, kunstnarar og foredragshaldarar til fire dagar med samtalar, opplevingar og refleksjonar rundt fred, berekraft og menneskeleg engasjement. Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) bidreg som samarbeidspartnar i festivalen og ønskjer å løfte fram verdiane kring fred, klima og berekraftig samfunnsutvikling – tema som også står sentralt i skulen sitt arbeid med agroøkologi og grønt landbruk.
Programmet byr på lanternefest, filmframsyning, kunstprosjektet The Stitch Project ved Marie Skeie, kakaoseremoni, og føredrag med Linn Stalsberg, som er aktuell med boka Krig er forakt for liv. Kvelden blir avslutta med konsert med Dumpster Divas. Søndagen rundar av med felles brunsj og avslutningskonsert i Aurland kyrkje med Anja Savic Røed.
Tusenhjarteslag er eit samarbeid mellom Folkeakademiet Aurland, Aurland Filmklubb, Sogn Jord- og Hagebruksskule, Spiren Gardsbarnehage og engasjerte frivillige. Nokre arrangement er gratis, medan andre har låg billettpris og studentrabatt.
🎟 Billettar og oppdatert program finn du på:
👉 folkeakademiet.no/slik-kan-du-engasjere-deg/bli-medlem
Følg med på Facebook for løpande oppdateringar.Hjarteleg velkomen til eit arrangement som løftar fram fred, fellesskap og grøne løysingar!
