blank blank
Undervising

Oversyn SJHSogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling.  Gardsbruket ved skulen er det viktigaste klasserommet vårt, og heile garden er økologisk driven.


Tilbod for skuleåret 2008/2009:

- Vg2 Landbruk og gartnernæring, økologisk

- Vg3 Landbruk, økologisk

(Me kan for tida diverre ikkje  tilby Vg1 Naturbruk. Dette må elevane ev. ta på ein annan skule fyrst).

Skulen er landsline, og det vil seia at elevar frå heile landet har same rett til elevplass ved skulen. Ofte er det også utanlandske elevar ved skulen.

Det sentrale hjelpemidlet i undervisinga er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Mykje av undervisinga er difor lagt opp som praktisk arbeid på garden. Dette er ikkje lausrivne øvingar, men er viktig for at gardsdrifta skal gå i hop. Til dømes har elevane faste turnusar med stell av husdyra: kyr, geiter, sau og hestar. Om våren er det rundar med lammevakter i sauehuset. Ein del av husdyrstellet kjem utanom vanleg skuletid.

Undervisinga er lagt opp slik at ein gjennom to år får vera med på arbeidet i heile vekstsesongen. Vg2 og Vg3 vert difor lagt opp som eit toårig løp, der undervisinga på  Vg3 startar opp med eit sommarkurs på 3 veker.

Praksisbasert undervising utgjer om lag 50% av undervisinga i Vg2, og 20% på Vg3.
For at undervisinga skal kunne fylgja dei naturlege variasjonane gjennom året har me ikkje ein fast timeplan for heile året. Timeplanen vert laga for 3 veker i gongen, og er sesongavhengig.





Publisert av: Venke Sjursen/SJH/SFF
Dato: 03/31/2009

Attende

Sogn Jord- og Hagebruksskule
tlf: 57 63 26 50 - fax: 57 63 26 51
e-post: sjh@sfj.no