På internatet er det 31 hyblar (enkeltrom) med vaskeservant, fordelt over to etasjar. Det er felles bad i kvar etasje. Matsal og opphaldsrom i underetasjen. I tillegg har skulen to små bueiningar i 2. etg på den gamle rektorbustaden som no er barnehage. Desse bueiningane vert prioriterte for elevar med born. Resten av elevane leiger bustad i bygda.
Dei som bur på internatet må også eta på skulen. På det viset kan vi halda dei totale bukostnadane nede. I matsalen kan ein velja mellom vegetar- og "vanleg" kost. Storparten av maten på internatet er laga av økologiske råvarer. Dei som bur utanfor skulen kan eta eitt eller fleire måltid om dagen i matsalen om dei ynskjer det. Dette må i så fall avtalast. Elevane syter sjølv for reinhald på eigen hybel og for klesvask. Skulen har to vaskeautomatar og tørketrommel.
Kost og losji på internatet er for tida (pr. 01.08.2009) kr 3.150,- per månad. Dette dekkjer husleige og full kost frå måndag morgon til fredag middag. Elevane som bur på internatet har tilgjenge til kjøken utanom slik at dei kan stella seg sjølve frå fredag kveld til sundag kveld.
For elevar som ikkje bur på internatet kostar det (pr. 01.08.2009) kr 1.000,- per månad å eta middag i matsalen.