blank blank
Gardsbutikk

"Mat som gjer deg glad!"

butikkI butikken vår finn du eit godt utval av økologiske daglegvarer.

Me har ein rikhaldig kjøledisk der du finn sesongens grønsaker og frukt produsert på SJH. I vinterhalvåret kjøper me inn ein del økologisk frukt og grønsaker.  I frysedisken finn du òg varer frå andre lokale småskala produsentar.

I frysedisken har me økologisk lammekjøt: lammesteik, fårekjøtdeig, fårikålkjøt m.m frå skulen sine sauer.


Kva me produserer av grønsaker på SJH kan du sjå her.
I sesongen har me i tillegg plommer, epler, jordbær, bringebær, rips, solbær og stort utval i urter. I gartneriet har me òg eit godt utval av blomar for sal. Blomegrupper/-oppsatsar kan tingast.

I ysteriet på skulen vert det produsert ferskost, yoghurt, kvitost, gamalost og rømme. I tillegg ynskjer me å få inn eit større utval av lokal produsert mat. Kvar onsdag er det ferske grov- og spelt-brød for sal. Innimellom dukker det óg opp bollar, potetkaker og flatbrød.

Tekstiler, garn, kosmetikk, helsekost og bøker. Me har mange varer av spelt, og eit godt utval i glutenfrie matvarer. Skrivebøker, fargeblyantar, permer og diverse brevpost i miljømerket hippo sel me òg.

VELKOMEN INNOM !

Opningstider:Grønsaker ved gardsbutikken

måndag-torsdag kl. 11 - 16
fredag kl. 11 - 18
laurdag kl. 11 - 14

 

Kontakt gardsbutikk





Publisert av: Marianne Holme
Dato: 11/16/2009

Attende

Sogn Jord- og Hagebruksskule
tlf: 57 63 26 50 - fax: 57 63 26 51
e-post: sjh@sfj.no